Før Sogndal - Raufoss: – Alle kampar er viktige
Sogndal skåra tre mål mot Egersund søndag. Onsdag kveld møter me Raufoss på Fosshaugane Campus. Me jaktar tre poeng og treng kvar einaste stemme på tribuna. Avspark er kl. 19.00. A-laget

Bygda mobiliserte verkeleg før førre heimekamp, og det var fantastisk stemning på Fosshaugane. Me håpar å sjå mange av dykk igjen i kveld.
I den siste kampen mot Egersundsnudde laget kampen og gjekk frå å liggje under til å leie 3–2, etter to skåringar frå KP Arierhi og eitt mål frå Vegard Hagen. Ei utlikning i det 94. minuttet gjorde likevel at det blei eitt poeng.
No kjem ein ny sjanse. Onsdag kveld står Raufoss på motsett banehalvdel i ein viktig kamp for å halde plassen i OBOS-ligaen.
– Alle kampar er viktige for meg. Eg har ikkje noko anna fokus enn eg hadde mot Egersund. No er det ny kamp onsdag og ny kamp på søndag. Me har fullt fokus på det. Så får alle andre byggje opp til kva som er viktig og ikkje, med tanke på tabellen. Me har fokus på det me kan gjere noko med, og det er kva me skal vere gode på mot Raufoss, seier hovudtrenar Eirik Bakke.
Dette skjer på kampdag
BILLETTAR
OBS! Kun 100 kroner til denne kampen.
Billettar kan kjøpast her eller i billettbui.
OBS! Billettbui er flytta tilbake til Svingen-bygget.
FAMILIE/JUNIORSVINGEN
Ta med barna på familietribuna og innom leikerommet vårt! Her vert det teikning, perling, brettspel og mykje moro.
Før kampstart får barna springe ei runde rundt midtsirkelen og tilbake – eit skikkeleg høgdepunkt for dei minste.
STUDENTAR
Studentar kjem gratis inn på Saftkokarfeltet! Bruk promokoden «kokarstudent» på TicketCo. Hugs studentbevis på kampen.
OPPLADNING
Kampkvelden kan du starte på Maling Lounge Bar, der det er opplading frå kl. 17.00. Ta med ein ven eller medstudent før turen går vidare til Fosshaugane.
La oss høyre laget ditt!
Barn og unge kan delta med fotballaget i heiaropkonkurransen. Deltakarane får gratis inngang. Vinnarlaget får losje og pizza til jubileumskampen mot Kongsvinger.
SENIORKLUBBEN
Møt opp ein time før kampstart i lokala til Seniorklubben ved sida av Skraol. Det vert servert kaffi og vaflar.
På programmet står Jon sitt hjørne. Deretter går me inn i Skraol og høyrer på trenarane. Ta gjerne med ein ven eller to.
SKRAOL
Start kampdagen på samlingsplassen Skraol! Her får du tilbakeblikk på tidlegare oppgjer, ferske intervju med trenarane og høve til å møte andre supportarar.
Med god stemning og litt å bite i ladar me opp til kamp.
Skraol opnar to timar før kampstart og stengjer ein time etter kampslutt.
SOGNDALBUI
Supportarbutikken vår held ope frå ein time før kampstart, i pausen og ein halvtime etter kampslutt. Du finn Sogndalbui i Sognekraftgata.
BORTESUPPORTARAR
Informasjon for bortesupportarar:
https://www.sogndalfotball.no/billettar/bortesupportar
🤍 STAO NO PAO 🖤
Ventar ein tøff kamp
Han er førebudd på motstand når Raufoss kjem på besøk. Bakke trekkjer fram erfaringa i laget og peikar på at motstandaren kjenner situasjonen dei står i.
– Eg forventar ein tøff kamp, for dette er eit lag som har vore i den situasjonen før, med mange rutinerte spelarar. Sildnes hadde eg i Åsane. Det er nokre slu revar der, med Onsrud, Holter og Zekhnini. Dei hadde ein tøff kamp sist, men dei kvilte mange spelarar. Me må vere på vårt beste for å slå dei, sier han.
Søndag viste Sogndal at laget kan skåre og snu ein kamp. I kveld handlar det om å følgje opp og kjempe om tre poeng på heimebane. Frå tribuna kan me gi spelarane støtte gjennom heile kampen.
Kom på kamp for 100 kroner
Billetten kostar berre 100 kroner. Studentar kjem gratis inn på Saftkokarfeltet med promokoden kokarstudent på TicketCo. Hugs studentbevis.
Kampkvelden kan du starte på Maling Lounge Bar, der det er opplading frå kl. 17.00. Ta med ein ven eller medstudent før turen går vidare til Fosshaugane.
La oss høyre laget ditt!
Barn og unge kan delta med fotballaget i heiaropkonkurransen. Deltakarane får gratis inngang. Vinnarlaget får losje og pizza til jubileumskampen mot Kongsvinger.
Les om konkurransen og påmeldinga her.
Kjøp billett til Sogndal–Raufoss her!
Me gler oss til å sjå deg på tribuna!
STAO NO PAO 🖤🤍