Målbonanza i spansk pøsregn

Det vart ein våt ettermiddag då me møtte Aalborg i Spania

Det vart 3-5 i dansk favør då me møtte Aalborg i Spania i ettermiddag.

Sjå kampen i opptak her - Oppdatering på Twitter her

Kampen fekk ein rotete inngang med transportproblem, og skikkeleg spansk regnvêr tvinga fram banebyte rett før avspark.

Då kampen omsider kom i gang, var det danskane som tok leiinga med 1-0 etter 8 minutt, men Mansour Gueye utlikna på ei flott heading då kampuret viste 15. Dette gjorde at karane fekk blod på tann og tvang fram eit straffespark berre to minutt seinare. Emanuel Grønner skåra.

Aalborg utlikna like etter. Då omgangen gjekk mot slutten, spaserte Sondre Ørjasæter gjennom heile Danmark med ballen i beina og skåra lekkert til 3-2 som var stillinga til pause.

Skikkeleg vind og pøsregn i Spania
Skikkeleg vind og pøsregn i Spania

Grunna regnet og vinden ville både trenar Flo og hans kollega Erik Hamrén ha ein heilt kort pause.

I andre omgang vart det mange byter og ingen mål den rette vegen. Det vart tre i nota bak Jørgen Johnsen, men absolutt godkjend innsats mot laget frå den danske Superligaen.

Dette laget starta kampen
 

 

Annonse fra Obos-ligaen: