Utviklingsavdeling

Sogndal Fotball har ein stolt historie når det gjeld talentutvikling, og det er mange som gjer ein stor innsats for at me skal levere på eit høgt nivå også i framtida. Bli kjend med utviklingsavdelinga!

Utviklingsavdelinga i Sogndal Fotball

► Sogndal Fotball er ein utviklingsarena for toppfotball, og det er utviklingsavdelinga i klubben si oppgåve å legge til rette for akkurat dette

► Sogndal Fotball har ein stolt historie når det gjeld talentutvikling, og det er mange som gjer ein stor innsats for at me skal levere på eit høgt nivå også i framtida

► Utviklingsavdelinga i Sogndal består av ein god gjeng, med Erling Ola Fykse i spissen som utviklingssjef

► Utviklingsavdelinga jobbar tett opp mot A-laget, og har ansvaret for alle dei ulike talenta i klubben

Dei ulike laga som går under utviklingsavdelinga er G15 Nasjonal, G17 Nasjonal, G19 Nasjonal og Sogndal 2. I tillegg kjem også dei ulike akademia

— Erling Ola Fykse, Utviklingssjef

► Saman jobbar dei med å lage ein best mogleg kvardag og ein best mogleg utviklingsarena for alle dei unge spelarane i klubben.

► Dei ulike laga har jamlege treningar og kampar der dei møter nokre av dei beste laga i Norge. Det betyr mange tette og spennande kampar mot lag som for eksempel Rosenborg, Molde, Bodø/Glimt, Vålerenga, Viking, Stabæk osv. Her får ein moglegheita til å sjå våre framtidige stjerner måle krefter mot nokre av dei aller beste ungdommane i landet.

- Her er det berre å møte opp på Campus og heie dei fram til siger!

► Utviklingsavdelinga har si eiga Facebook side der ein kan følgje dei ulike laga og alt som skjer rundt dei. Me oppfordrar alle til å følgje dei der slik at ein heile tida vert oppdatert på alt det viktige arbeidet som utviklingsavdelinga gjer. Der får ein sett korleis dei jobbar, oppdatering frå trening og kamp, og mykje meir!

SIL.png

I to av STAO NO PAO - Podkasten sine episoder kan du høyre Erling Ola Fykse og gjengen i utviklingsavdelinga fortelle om korleis utviklingsavdelinga er bygd opp og kva dei gjer - Absolutt verdt å få med seg!

STAO NO PAO!

IMG_8158.JPG
Utviklingssjef Erling Ola Fykse
Annonse fra Obos-ligaen: