Før runde 17: – Ein gjeng som aldri gir opp

Me fekk ein liten smell mot Lyn, men no er fokuset retta mot heimekampen mot Bryne. Sjå intervjuet med trenaren før søndagens oppgjer.

Søndag er det klart for heimekamp mot Bryne. På Fosshaugane har me fått både god underhaldning og svært god stemning i år. Me har vunne begge heimekampane under leiing av Eirik Bakke!



I førre heimekamp snudde me kampen og vann 3–2 etter skåring på overtid. Samstundes skåra Elias Svedal Flo sitt fyrste mål for Sogndal.

Kva skjer denne gongen?

Me håpar å sjå deg på ein av dei største møteplassane i Sogn, Fosshaugane Campus, søndag ettermiddag!

Fanzone

Sogndal Fotball sitt akademi inviterer alle små og store supportarar til FANZONE før oppgjeret mot Bryne! Les meir her!

Dette vert den perfekte plassen for borna å leike seg, varme opp stemninga og lade opp saman før kampen vert blesen i gang. Ta med deg vener, familie og naboen til ein skikkeleg kjekk fotballdag!

Billettar

Billettar kan kjøpast på sogndalfotball.no/billettar eller i billettbui.

OBS! Billettbui er flytta tilbake til Svingen-bygget.

Familie/juniorsvingen

Ta med barna på familietribuna. Før kampstart får barna springe ei runde rundt midtsirkelen før dei kjem tilbake på tribuna. Eit skikkeleg høgdepunkt for dei minste. NB! Ikkje leikerom denne kampen.

Student

Studentane er viktige for oss i Sogndal. Dei kjem inn for berre 30 kroner. Bruk promokode student26 på TicketCo. Hugs studentbevis.

Seniorklubben

Møt opp ein time før kamp i lokala til Seniorklubben ved sida av Skraol. Det blir servert kaffi og vaflar. Program: Jon sitt hjørne. Deretter går me inn i Skraol og høyrer på trenarane. Ta gjerne med ein ven eller to.

Skraol

Start fotballdagen på samlingsplassen Skraol. Her får du tilbakeblikk på tidlegare oppgjer, ferske intervju med trenarane og god stemning saman med andre supportarar. Perfekt opplading før avspark. Litt snacks, godt selskap og fotballprat, så er me klare når det brakar laus ute på bana.

Sogndalbui

Supporterbutikken held ope frå éin time før kampstart, i pausen og ein halvtime etter kampslutt. Nye jubileumsskjerf er inne! Sjå meir her.

Bortesupportarar

Les meir her: Informasjon til bortesupportarar

🤍 STAO NO PAO 🖤

Annonse fra Obos-ligaen: