Runde 18: Hødd kjem på besøk til Fosshaugadn!

Me er på jakt etter 3 poeng og får ein ny tøff kamp mot Hødd

Sogndal - Hødd

  • Onsdag 6. august kl. 18:00

  • Fosshaugane Campus

  • OBOS-ligaen 2025, runde 18

Runde 18 har blitt flytta fram ei veke, som betyr at me får to strake heimekampar på Fosshaugadn. Me treng 3 poeng, og håpar på støtte frå publikum i ein viktig kamp!

Hødd har levert ein god sesong til no, etter opprykket frå PostNord-ligaen. Marius Bøe har leia laget til 22 poeng på 16 kampar, som er akkurat same poengsum som oss. Berre målskilnaden skil laga på tabellen, og det blir altså ein tett og jamn kamp om poenga i morgon. Toppscorar for Hødd er Elias Myrlid, som no er seld til Aalesund, men Sebastian Haugland er henta frå Åsane som erstattar.

Me møtte Hødd på bortebane i mai, og det enda med siger til heimelaget. Ein svak fyrsteomgang sendte Hødd i leiinga, og i andreomgang jakta me utlikning. Til tross for eit stort press gjennom omgangen, og ei scoring frå Martin Sjølstad, var det ikkje nok til å reise heim med poeng. Sist me møttast på Fosshaugadn vart det derimot siger, og me skal gjere alt me kan for å gjenta det i morgon!

Nye signeringar

Spissen Preben Asp vart klar for Sogndal fredags kveld, men rakk ikkje å møte sine nye lagkameratar før kampen mot Skeid. No er han klar for å vise seg fram på Fosshaugadn, og i morgon er han med i troppen. Les meir om overgangen her. I dag presenterte me også vår nyaste midtbanespelar, Tuomas Pippola, frå Finland. Tuomas kjem til Sogndal på måndag, og du kan lese meir om overgangen her.

Velkommen til Skraol

Skraol er open 2 timar før kamp, og me håpar å sjå dykk der i morgon. Det blir mogleg å kjøpe noko godt å drikke, og rom for gode diskusjonar og fotballsamtalar. Samlingsplassen på Fosshaugadn er den perfekte oppladninga til kamp. Dørene opnar kl. 16:00, og det er ope i pausen og 1 time etter kampen.

Kjøp billett her!

STAO NO PAO! 

Annonse fra Obos-ligaen: