Bruk av Ticketco

Under finn du brukarrettleiing og tips for bruk av vårt billettsystem.

Brukarprofil hjå TicketCo

Me anbefaler deg å oppretta ein brukarprofil hjå TicketCo.no når du kjøper sesongkort med mobil. Men du kan også når som helst besøke TicketCo sine sider med eit nettbrett eller smarttelefon og opprette ny brukar. Det er diverre ikkje tilgjengeleg for PC på noverande tidspunkt.

Fordelar

▪ Eit billettarkiv som alltid vil vise dine billettar og sesongkortet ditt.

▪ Sikker lagring av betalingskort på din profil slik at du ikkje treng å legge inn kortnummeret ditt når du bestiller billettar eller partoutkort.

▪ Tilgang på din «kunde-kode». Dette er ein billettkode som samlar alle dine kjøp hjå TicketCo. Denne koden vil gje deg tilgang uansett kva kamp, konsert eller festival du har kjøpt billett til hjå TicketCo. 

Slik loggar du deg på og opprettar brukar

1. Gå til ticketco.no på ditt nettbrett eller din smarttelefon.

2. Trykk på «Hei! Logg på» i toppen av sida.

3. Følg instruksjonane på skjermen.

Det er diverre ikkje mogleg å logga seg på eller opprette brukarprofil frå en PC eller Mac.

Fysisk sesongkort
Med TicketCo er det ingen grunn til å ha eit fysisk sesongkort. Sesongkortet er heildigitalt og kan lagrast på din mobil slik at du alltid har det tilgjengeleg - les mei om korleis ein lagrar sesongkortet på mobil her.

Ynskjer du fysisk sesongkort?
Ved bestilling av sesongkort får ein spørsmål om ein ynskjer eit fysisk kort eller ikkje. Dersom du av ulike årsakar ikkje får gitt oss ei tilbakemeling på dette, send ein e-post til Geir Inge Heggestad.

Mista sesongkort eller billett?
Dersom du har mista billetten eller sesongkortet kan du enkelt finne dette igjen ved å besøke TicketCo.no på din mobil eller datamaskin. Velg «Finn dine kjøpte billettar» og legg inn e-postadressa eller telefonnummeret du la inn ved bestilling så sender me deg billetten/sesongkortet på nytt.

Treng du hjelp?

TicketCo si supportavdeling hjelper deg med bestilling av sesongkort og tekniske problem ved bestilling og kjøp.

Åpningstider er måndag-fredag 09.00-17.00

  • Telefon: 854 24 988
  • Epost: [email protected]
  • Chat ved å trykke på HJELP-knappen på TicketCo.no

Spørsmål TicketCo kan svare på:

  • Teknisk støtte til å bestilla billettar/sesongkort
  • Tekniske støtte ved mista billett
  • Alle spørsmål om betaling og evt. feilbetaling

Alle andre spørsmål sender du på e-post til arrangementsjef Geir Inge Heggestad 

Annonse fra Obos-ligaen: