0-0 i Ålesund

Jamnspelt på Color Line Stadion

Det vart 0-0 i treningskampen mot Aalesund på Color Line Stadion i ein jamnspelt kamp mellom to lag som har som mål å kjempa om opprykk denne sesongen.

Spesielt i første omgang kom me til eindel sjansar, der Sigurd Haugen var nærast med eit stolpeskot.

Les om kampen i Sogn Avis

- Dette var nokre hakk opp fra kampen mot Flora Tallin, sa trenar Eirik Bakke etter kampen. Han var godt nøgd med ei god treningsøkt.


Kampfakta og tekstoppdatering ligg her på sidene til AaFK.

No går turen snart til varmen i Spania, og på vegen dit tek me ein stopp i Bergen. På tysdag klokka 17.00 spelar me kamp mot Åsane på Myrdal Kunstgress, før me på onsdag sjekkar inn på hotellet i Marbella.

Annonse fra Obos-ligaen: