Ambisiøs Aordøl

Årdal. Bygda lengst inne i Sognefjorden har fostra fleire spelarar oppgjennom som har fått proffkontrakt. Her kan du bli kjend med ein av dei:

Når Edin var ung spelte han for Jotun. Der spelte han fram til han var teken opp i A-stallen til Årdal som fjortenåring. Han var uheldig og knakk foten tidleg i denne perioden, så starten vart litt kronglete. Likevel hadde han nokre gode sesongar i Årdal før vegen gjekk vidare til Sogndal i 2015.

Har du nokre mål for sesongen?


Eg var på utlån til i Fana fyrste del av sesongen og no er eg tilbake her. Litt skadetrøbbel no, så fyrste målet er å bli frisk. Så får eg jobba hardt etter det.


Kva gjev godkjensla på fotballbana?

Eg er ein offensiv spelar som likar å ha ballen. Når eg får til ting med fotballen, så gjev dette sjølvtillit. Det er viktig å jobba både offensivt og defensivt. Men eg likar helst å ha ballen.

Edin Øy BærumH 2015 Foto - Rune Sjøberg (1)
Edin som innbyttar mot Bærum i 2015. Foto: Rune Sjøberg


Kan du sei noko om beste minne i den kvite trøya?


Det må vere opprykket til Tippeligaen. Å få vera med på det stikk seg litt ut.


Kva tips vil du gje til yngre spelarar som ynskjer opp på toppnivå?

Det er kanskje litt klisje, men dei som jobbar hardt når oftast lengst. Ein må tora å vera seg sjølv og ta i mot utfordringar.

Edin Øy FørdeH Trening 2017 Foto - Toril Walker Norheim 1
Treningskamp mot Førde i 2017. Foto: Toril Walker Norheim

Blir du den neste årdølen som skal visa seg fram?

Ja, eg håpar no det, ynskjer å bli den neste årdølen som etablerer seg her. Det har vore eit par av dei på laget, mellom anna far min.


Kvar er du om ti år?

Alle har ein draum om å spela i utlandet. Viss eg jobbar hardt nok, så har eg trua på at det kan gå. Det er det som er målet iallefall.


Kva er beste eigenskap på og utanfor bana?


På bana likar eg som sagt å ha fotballen, trur eg har god drive og eit overblikk. Utanfor bana, det er vanskelig å sei, men eg prøver å vera ein som helde humøret oppe. Dei andre på laget hadde sikkert kome med mykje rart viss du hadde spurt dei.

Edin Øy

  • Alder: 20

  • Vaks opp: Årdal

  • Posisjon: Midtbane

  • Kampar for Sogndal: 5

  • Draktnummer: 23

Annonse fra Obos-ligaen: