Ambisjonar om god spelarutvikling

Utviklingsavdelinga nådde målet om tre stjerner i Akademiklassifiseringa

Sesongen 2017 har vore eit innhaldsrikt år for utvikingsavdelinga i Sogndal Fotball. Norske toppklubbar har saman erkjent at me ikkje er gode nok når me måler oss internasjonalt. Ei viktig årsak til dette er at me utviklar for få spelarar som held høgt internasjonalt nivå. For å løfte nivået på spelarutviklinga i toppklubbane, har klubbane gjennom Toppfotballsenteret etablert noko som heiter Akademiklassifisering. 

143 kriterier fordelt på 10 hovudområder
Akademiklassifiseringa har for utviklingsavdelinga vore eit spanande prosjekt som har definert mykje av arbeidsdagane i løpet av året. Klassifiseringa søkjer å etablere klare standardar for arbeidet med toppspelarerutvikling og består av 143 kriterier fordelt på 10 hovudområde (Sjå alle dei 10 hovudområda nedst i artikkelen).

Annonse:
Alle desse områda er sentrale for å utvikle gode fotballspelarar. I løpet av året har Toppfotballsenteret vurdert klubben på desse områda. Dette har mellom anna vore; klubben si evne til å leggje til rette for eit systematisk arbeid med høg kvalitet over tid, klubben si evne til å samarbeide med naboklubbar, krets, skule, høgare utdanning i sitt nærområde, og kvaliteten i det daglige treningsarbeidet.

Greidde målsetjinga om tre stjerner
- Arbeidet med klassifiseringa har gitt oss mykje kunnskap om eige arbeid og strukturar. Me har vorte meir kjende med oss sjølve både på godt og vondt. Det at ein greidde målsetjinga om tre stjerner (fem er maksimalt), gjev oss tru og motivasjon for å ta endå fleire steg på spelarutvikling i åra framover, fortel utviklingsansvarleg Anders Stadheim.

Må utvikle lokale fotballspelarar til eige A-lag
- Det er ikkje til å stikke under ein stol at me i Sogndal Fotball har ein formidabel jobb framføre oss når det gjeld det å utvikle lokale fotballspelarar til eige A-lag, seier Stadheim

Vil vidareutvikla konseptet
- Tre stjerner gjev oss moglegheita til å vidareutvikla konseptet og ta nye steg i forhold til systematikken nedover i systemet. Me scorar godt på planverk og anlegg, men har fortsatt ein veg å gå når det kjem til produktivitet og kampplattform, fortel Stadheim

Modellen og kriteria i Akademiklassifiseringa er basert på 8 års referansearbeid frå nasjonale og internasjonale utviklingsklubbar. Referansane er forma slik at dei skal ivareta norsk fotball sin eigenart og verdiar.

- I Noreg har me andre tradisjonar enn nokon andre land for korleis me ivaretek heilskapen rundt våre ungdomar. Dette vert teke hensyn til i klassifiseringa, avsluttar Stadheim.

Ulikskap mellom dei norske klubbane
Klubbane er ulike og har ulike utviklingsmodellar. Nokre klubbar har 1000 fotballspelarar, andre har 65. Nokre startar med utvikling av spelarar i eigen klubb frå 6 år. Andre støttar seg meir på samarbeid i tidlege årskull og rekrutterar spelarar når dei er 12,-14- eller 16 år. Akademiklassifiseringa lønnar ikkje enkelte modellar framfor andre, men er opptekne av å bevisstgjere klubbane rundt korleis ein kan få opp kvaliteten i den modellen som klubbane har valgt.

Dette er dei 10 hovudområda

  • Forankring, styret, leiinga & tilsette

  • Spelarlogistikk

  • Planverk

  • Kompetanse

  • Treningsprosessen

  • Kampplattform

  • Skule/fotball

  • Samarbeidsmodellar

  • Produktivitet

  • Økonomi & fasilitetar

Annonse fra Obos-ligaen: