Årets første bortesiger!

Det høge presset sette Notodden ut av spel.

Vår første bortesiger og tre meget viktige poeng

Sogndal starta friskt på Idrettsparken og karadn pressa høgt frå første minutt. Notodden fekk aldri fred av sogndalspelarane, som tydelig hadde fått beskjed av Bakke om å presse høgt.

Scoring på hjørnespark, 0 - 1
Sogndal styrte det meste som skjedde i første omgang, og etter 25 minutt kunne Per Magnus Steiring notere seg for si første scoring i 2018. Joackim Soltvedt slår eit godt hjørnespark, som Per-Magnus Steiring knallar i mål, 0-1.

Like etterpå får Eirik Schulze stå aleine på ca. 10m, men skotet går rett på keeper.

Straffespark, 0 - 2
Stanisa Mandic skyter ballen i handa på Notodden kaptein Jenssen. Straffespark, og Jenssen får sitt andre gule kort for dagen og må sjå resten av kampen frå tribuna.

Mandic gjer seg klar ved 11-meteren og setter ballen kontant i mål til venstre for keeper.

Det står 0-2 på Idrettsparken.

"Me vil scora fleire mål"
Etter 62 minutt kunne ein høyre ein ivrig Eirik Bakke som jaga på spelarane sine. «Me vil scora fleire mål, kom igjen!»

Men det vart med to mål, og me tek vår første bortesiger.

Sterk prestasjon av karadn i dag, som absolutt ville mest på Idrettsparken.

Stao no pao for superlaget Sogndal!

Kampfakta

Resultat: 0 – 2 (0-1)

Mål:
Per Magnus Steiring (25 min)
Stanisa Mandic (52 min, straffespark)

Gulekort:
Stanisa Mandic (35 min)
Reiss Greendige (58 min)

Byter
Stanisa Mandic ut, Johan Hove inn (68 min)
Tomas Totland ut Ole Martin Rindarøy (78 min)
Joackim Soltvedt ut, Lars Christian Kjemhus inn (90 min)

Raudtkort Notodden
S. Jenssen (53 min, to gulekort)

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: