Balltriksar med bergensdialekt

Visste du at Birkelund vart kåra til årets triksar i Vgs triksekonkurranse i 2008? Les andre fakta om bergensaren her:

Fotballkarriera til Birkelund starta i ein liten klubb nær heimstaden hans som heiter Trane, der spelte han til han var 13, rundt kretslagstider. Etter dette byrja han å trena med Brann, to gonger i veka. Overgangen til Brann meldte seg rundt 14, her vart han verande i 4 år. Vegen her gjekk frå gutelag, juniorlag, Brann 2 og til A-lag.

Neste steg for Eirik vart utlandet. I Frankrike prøvde han seg for Saint-Étienne. Trente med A-laget der kvar dag. Returnerte til Brann for ein 1,5 års periode før han byrja å sparka ball for Sogndal. Sin A-lagsdebut fekk han mot Sogndal i 2011, då med den raude drakta på.

Eirik Birkelund OddH 2016 Foto - Rune Sjøberg
Fyrste kamp frå Start i den kvite trøya. Heime mot Odd i 2016. Foto: Rune Sjøberg


I tillegg til fotball, driv Birkelund på med studier. Fyrste året på økonomi og administrasjon er fullført.


Korleis ser ein typisk fotballkvardag ut?


Då står eg opp kl. 8. Me møtest til felles frukost kl,. 9. Så byrjar trening rundt 10. Me trenar til rundt lunsjtider kl. 12. Viss me har to treningar så byrjar neste trening kl. 15. Etter 16:30 reiser me heim, då er dagen over.


Kva driv du med på fritida? Utanom fotballen?


Studiane tek litt tid. Om sommaren så driv eg litt med flogefiske. Det er jo ein særeigen aktivitet, men eg syns det er veldig kjekt. Så spelar eg litt gitar.

Eirik Birkelund AalesundH 2017 Foto - Toril Walker Norheim
Kamp mot Aalesund i 2017. Foto: Toril Walker Norheim


Kva tenkjer du Sogndal og fasilitetane her?


Eg syns det er heilt fantastisk. Du har hallen og Campus. Det er korte avstandar og du har alt du treng innanfor kort avstand. Alt er flott tilrettelagt, avsluttar Eirik.

Eirik Birkelund

  • Alder: 23

  • Vaks opp i: Bergen

  • Posisjon: Midtbane

  • Kampar for Sogndal: 37

  • Draktnummer: 27

Annonse fra Obos-ligaen: