Blytungt på Jessheim

Det vart eit 0-3 tap mot Ull/Kisa

Me fekk ikkje revansjen frå fjorårets kamp på Jessheim Stadion. Gårsdagens 1. omgang gjorde vondt for alle; spelarane, støtteapparat, andre i klubben, og ikkje minst våre trufaste tilhengjarar.

Me møtte en veldig skuffa trenar etter kampen.




Les om kampen i Sogn Avis

På ein nokså bekmørk dag, stod kaptein Mathias Dyngeland fram som eit lysglimt. Han hadde ei rekkje gode redningar og var vår bestemann. Og aller mest gledeleg var at Ole Amund Sveen gjorde comeback i kvitedrakta, to år og to dagar etter beinbrotet mot Stabæk.
 

Sveen
Ole Amund Sveen gjorde comeback i kvitetrøya



Les om comebacket i Sogn Avis

No skal me ta samling i botn og finna tilbake til det me såg bur i laget for berre nokre veker sidan, og me skal slå kraftig tilbake mot Notodden til helga. 

 

Annonse fra Obos-ligaen: