Chidi matchvinnar!

Chidiebere Nwakali skåra både eit flott mål og fekk raudt kort mot AaFK


Me fekk ein fantastisk flott fotballkveld mot AaFK. Mykje folk, bra trøkk på bana og frå tribuna, flott skåring og mange sjansar, samt dramatikk og spenning til siste slutt.

Det starta med eit smell. Chidiebere Nwakali banka inn ei kule frå frispark etter berre eitt minutt, og gutta rulla opp den eine sjansen etter den andre i 1. omgang.

Sjå kampreferat Firda Live 

Les om kampen i Sogn Avis

Chidi var frisk denne kvelden. Han skåra sitt første mål i kvitedrakta, og var ein terrier på midtbana. Mot slutten av kampen fekk han marsjordre frå dommaren, etter ei takling som iallefall kvalifiserte til oransje - Chidi sjølv meinte den var innafor.

Les meir om dette i Sogn Avis 

Trenar Eirik Bakke og keeper Mathias Lønne Dyngeland var to glade herremenn då me snakka med dei etter kampen.



Kjetil Wæhler var tilbake etter kneskade, og han var veldig viktig å ha bak der når det drog seg til i sluttminutta og me var ein mann mindre på bana. Ulrik Fredriksen spelte nok ein god kamp, og Martin Ramsland jobba og jobba på topp.

Les om kampen på NRK 

Neste helg skal me til Stavanger og spela mot Viking. 

Vår neste heimekamp er mot Rosenborg. Den går 15. juli klokka 15.30. Kjøp billett her.

Annonse fra Obos-ligaen: