COOP ER MED PÅ LAGET

Sogndal Fotball og Coop Nordvest har skrive ny samarbeidsavtale

Sogndal Fotball kan i dag stolt presenterer at me forlengar det gode samarbeidet med Coop Nordvest.

-  I Coop Nordvest er me glade for å vere på lag med Sogndal Fotball i tre nye år, seier marknadssjef Ronny Sørbotten.

- Fotball er ein av dei største idrettane i Noreg, som mange har eit forhold til. I Sogn og Fjordane har Sogndal i mange år vore spydspissen og «fylkeslaget», eit lag mange av innbyggjarane har identifisert seg med. Mange er stolte av at Sogndal med jamne mellomrom har vore landets einaste bygdelag i Eliteserien. Det har vore ein viktig inspirasjon for mange små og store fotballspelarar, og såleis viktig for rekrutteringa til fotballen og idretten i fylket, seier Sørbotten, som også ser dette i ein større samanheng i den aktiviteten Coop Nordvest driv med.

Samfunnsaktør i både by og bygd
- Me er opptekne av å vere ein samfunnsaktør i både by og bygd. Me spelar på lag med styresmakter og andre næringsaktørar for å utvikle regionsenter, og me er opptekne av å halde gåande dei mindre butikkane våre som er viktige ute i distrikta. Gjennom våre unike satsing på lokalmat, har me vore med å legge grunnlaget for hundrevis av nye arbeidsplassar på bygdene. Det å vere med å støtte opp om viktige kulturelle aktivitetar i distriktet vårt gjennom sponsing, er også ei viktig side av vårt breie samfunnsengasjement. Idretten er ein del av dette. Ikkje alle kan bli eliteseriespelarar i fotball, men mange kan ha glede av å spele fotball på sitt nivå. Det betyr mykje for det sosiale samhaldet og for folkehelsa, slår Ronny Sørbotten fast.

Sogndalspelarane Sigurd Haugen og Per Magnus Steiring her saman med butikksjef Sven Borlaug på Extra Sjøkanen
Sogndalspelarane Sigurd Haugen og Per Magnus Steiring her saman med butikksjef Sven Borlaug på Extra Sjøkanen

 

Coop-billetten
Den nye samarbeidsavtalen mellom Sogndal Fotball og Coop Nordvest inneber også ein veldig hyggeleg rabatt for dei som tenkjer seg på fotballkamp på Fosshaugane Campus.

-  Ja, det betyr at du som medlem i Coop Nordvest betaler 150 kroner for billetten, der prisen til vanleg er 250 kroner. Det må vere eit kjempetilbod, seier Sørbotten.

Dei som alt ikkje er medlemar, kan bli det ved å gå inn på Coop.no eller sende ei melding til 2330.

-  Då slepp du ikkje berre billegare inn på fotballkamp i Sogndal, men du blir også medeigar i din eigen butikk. Som eigar får du nyte godt av ei rekkje gode medlemstilbod, i tillegg til ei hyggeleg avkasting av handelen din ein gong for året. Du vert også ein av dei ca. 144.000 eigarane av 138 butikkar, med ca. 2300 tilsette, som Coop Nordvest driftar mellom Sogn og Trøndelag.

- For kvar gong du handlar, gjer du din eigen butikk betre. Det kallar eg ein god deal, smiler marknadssjef Ronny Sørbotten i Coop Nordvest.

Coop billetten får du kjøpt på felt Z, Æ og Ø.

Stao no pao for Sogndal Fotball og Coop Nordvest.

 

Annonse fra Obos-ligaen: