Før Avspark

Nest-Sotra - Sogndal, Ågotnes Stadion, Avspark klokka 18.00

Me er framme ved runde 9 av årets OBOS-liga, og i dag har me teke turen vest for Bergen. Det er duka for oppgjeret Nest-Sotra - Sogndal.

Sist me var i OBOS-ligaen, hadde me ei stri tørn på strilalandet, men me hala i land ein fortent 2-1 siger etter skåringar av Kristian Fardal Opseth og Babacar Sarr.


Me møtte Nest-Sotra i Marbella før seriestart. Då møtte me eit lag prega av sjukdom og skadar. Etter ein tung start på seriespelet, der dei gjekk på fire strake tap, har dei snudd skuta, og står ubesigra på dei fire siste kampane: Tre sigrar og ein uavgjort. Med andre ord; me møter eit lag i dytten og har ein tøff kamp i vente.

Våre gutar har slete litt dei siste kampane, men det er ingen slagen gjeng. Me reiser til Sotra for å revansjera både det eine og det andre. I dag gjeld det å vera med frå start, trøkka til og gje strilene juling. Dei skal få merka at dei møter Sogndal.

Slik går runde 9: 

Strømmen - Mjøndalen kl. 18.00
HamKam - Florø  kl.18.00
Levanger - Jerv kl. 18.00
Nest-Sotra - Sogndal kl. 18.00
Sandnes Ulf - Tromsdalen kl. 18.00
Ull/Kisa - Notodden kl. 18.00
Åsane - Kongsvinger kl. 18.00

Tysdag:
Viking - Aalesund kl.19.00

For alt av statistikk om OBOS-ligaen 2018, sjå VG Live

Vêrmeldinga
Me har hatt ein strålande mai so langt, og i skog og mark er det no knuskturt. Finvêret skal halda fram, også på Sotra. Under kampen vil det vera lettskya og i underkant av 20 grader. Det ligg an til ein flott kveld for fotball!

Billettar
Me håpar at mange tek turen og støttar gutane i dag! Her er billettinfo, du kan også kjøpa billetten på stadion. Vegbeskrivelse finn du her.

Nest-Sotra - Sogndal
Ågotnes Stadion
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Kongsvinger Kongsvinger 5 3 2 0 11 6 5 11 V U U V V
2 Egersund Egersund 4 3 1 0 12 8 4 10 V U V V
3 Bryne Bryne 5 3 0 2 5 3 2 9 V T T V V
4 Levanger Levanger 5 2 2 1 11 6 5 8 U V V T U
5 Stabæk Stabæk 4 2 2 0 7 4 3 8 U V V U
6 Sogndal Sogndal 5 2 2 1 6 4 2 8 U V U V T
7 Lyn Lyn 5 1 3 1 6 6 0 6 T U V U U
8 Moss Moss 5 2 0 3 6 9 -3 6 V T V T T
9 Mjøndalen Mjøndalen 4 1 2 1 8 8 0 5 U T U V
9 Ranheim TF Ranheim TF 5 1 2 2 8 8 0 5 T V T U U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 5 1 2 2 9 10 -1 5 T T V U U
12 Vålerenga Vålerenga 5 1 2 2 8 11 -3 5 U V T U T
13 Åsane Åsane 4 0 4 0 7 7 0 4 U U U U
14 Raufoss Raufoss 5 1 1 3 6 7 -1 4 U T T T V
15 Aalesund Aalesund 5 1 1 3 6 12 -6 4 U V T T T
16 Start Start 5 0 2 3 4 11 -7 2 T T U U T

Annonse fra Obos-ligaen: