Møter Estisk storlag til vennskapskamp

Fosshaugane Campus: Sogndal - FC Flora sundag 24.feb kl.13:00

Sundag 24. februar er me så heldige å få besøk av det estiske storlaget, FC Flora som kjem til Saftbygda og Fosshaugane Campus.

Er det ein treningskamp som er verdt å få med seg før alvoret startar 31. mars mot Sandnes Ulf, så er det denne kampen.

Vennskapskampen er eit resultat av godt samarbeid mellom Sogndal Fotball, Høgskulen på Vestlandet og FC Flora Tallinn. I fjor hadde me den estlandske fotballpresidenten og eigar i Flora Tallinn Aivar Pohlak på besøk. 

Kjøp kampbillett her

Til tross for at FC Flora bare har eksistert i 28 år, så har hovudstadslaget inntatt ein dominerande rolle i estisk fotball.

FC Flora er det mestvinnande laget i Estland med 11 serietitlar på dei siste 28 årene, og dei har spelt kvalifisering til enten Champions League eller Europa League 25 gonger av dei siste 28 åra.

Så er ingen tvil om at det eit lag av godt kaliber som kjem til Sogndal og gjesta Eirik Bakke og spelarane denne sundagen.

Ta turen opp til Fosshaugane Campus 24.februar for å slå av ein fotballprat med kjende, lufte stemninga før årets Obos-liga sesong,  sjå Sogndals beste gutar testa seg mot god internasjonal motstand.

Vennskapskamp
Sogndal - Flora Tallinn
Søndag 24. februar kl.13:00
Fosshaugane Campus

Inngangspris:
Vaksen: kr 100,-
Born: kr 50,-

Kjøp gjerne billett på førehand for å unngå kø:Kjøp kampbillett her

Annonse fra Obos-ligaen: