Før Avspark

Sogndal - Kongsvinger, Fosshaugane Campus, sundag kl. 1800

Årets andre heimekamp står for tur, og i morgon kjem ein gamal kjenning på besøk. Me ynskjer Kongsvinger velkomen til fotballfest!

Me har spelt mange kjekke kampar mot raudtrøyene. Målrike oppgjer med spenning og nerve var kjenneteiknet for desse kampane i sesongane 2005-2009.

Etter ein litt skral start på seriespelet om ein tenkjer poeng og skåringar, skåra me ein del mål no i cupen mot Øystese på onsdag.

Me stanga lenge mot ein oppofrande forsvarsmur og ein keeper i praktslag. Metallet i fotballmåla var nok også frå Hardanger - ballen ville ikkje i mål før Ulrik Flo skåra etter innlegg frå Eirik Birkelund i det 73. minuttet.

Etter dette skåra me tre til, slik at karane fekk kjenna litt på det å skåra. Me har planar om å fortsetja med å skåra masse mål i morgon. To-målskårar i cupen, Ulrik Flo, møtte Kongsvinger to gonger i fjor med Fredrikstad. Me snakka med han og Ole Martin Rindarøy etter fredagstreninga. Ole Martin spelte ein omgang mot Øystese, og er snart heilt klar etter skulderskaden.


Kongsvinger fekk ein vanskeleg start på årets sesong. Å mista ein av sine eigne slik dei gjorde, er ufatteleg. Då blir resultat og poengjag uvesentleg. Kongsvinger er ein tradisjonsrik klubb, og dei kjem sterkt tilbake. Sist helg slo dei Jerv med 2-0, og me har ei hard nøt å knekke i morgon.

Runden
Runde 4 av årets OBOS-liga startar sundag med desse kampane:
Strømmen - Levanger kl. 15.00
Viking - Åsane kl.18.00
Aalesund - Tromsdalen kl. 18.00
Nest Sotra - Ull/Kisa kl. 18.00
Florø - Notodden kl. 18.00
Jerv - Mjøndalen kl. 18.00
Sogndal - Kongsvinger kl. 18.00

Tysdag:
HamKam - Sandnes Ulf 19.00

For alt av statistikk om OBOS-ligaen 2018, sjå VG Live

Vêrmeldinga
Skal ein tru dei som har greie på vêret, skal det vera flott tidleg på kampdagen, men so kjem det regn litt utpå. Gradestokken skal ligga på rundt 10 grader under kampen.

Billettar
Me håpar at mange tek turen og støttar gutane i morgon! BillettBui opnar lukene klokka 16.00, og du kan kjøpa billett på nett her.

Sogndal - Kongsvinger
Fosshaugane Campus
Sundag klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: