Før Avspark

Notodden - Sogndal, Idrettsparken, søndag klokka 18.00

Den femte runden i årets OBOS-liga står for tur, og me er klare for vår tredje bortekamp.

Etter å ha spelt 0-0 borte mot sterke lag som Aalesund og Mjøndalen, skal me no bryna oss på eit lag som har gjort det veldig skarpt so langt i sesongen. 

IMG_0606
Eirik Schulze har hatt ein bra sesongstart, her mot Aalesund (Foto: Rune Sjøberg)

Notodden rykka opp i fjor etter kvalifiseringsspel mot Fredrikstad. Det er ein samansveisa gjeng som Kenneth Dokken har gjort ein flott jobb med, og ingen av laga i divisjonen må undervurdera dette laget frå Telemark. 

Det er faktisk på bortebane Notodden har vore skarpast so langt. 1-3 mot HamKam på Briskeby og sist helg slo dei gutta i vest på Florø Stadion med heile 4-1. Heime sesongstarta dei med 1-1 mot Levanger og i runde 3 vart det 2-1 mot Nest Sotra.

Me starta sesongen med 0-0 i begge bortekampane, mot Aalesund og Mjøndalen. Heime vart det eit lite feilskjær mot Tromsdalen (1-1), men sist helg fekk me sjå mange flotte skåringar på Fosshaugane då me slo Kongsvinger 4-1. Me tenkjer at det er greitt å fortsetja med slike resultat.

IMG_0354
Joachim Soltvedt har me fått sjå meir og meir av. Ikkje bli overraska om han sler til med ein susar i Notodden! (Foto: Rune Sjøberg)

Me har eit spennande oppgjer i vente, og berre so det er sagt: Me går sjølvsagt for tre poeng.

Runden
I dag får Kongsvinger sjansen til å slå tilbake etter kampen på Fosshaugane sist helg, men det er topplaget dei møter og AaFK vil nok gje bånn gass for å halda på tabelltoppen.

Resten av runden går i morgon. På Jessheim skal Viking prøva å påføre UllKisa og Stefan Hagerup deira første nederlag denne sesongen. UllKisa har hatt ein flott sesongstart. Sandnes Ulf tek i mot Jerv, og det kan sjå ut som om dei har planar om å spela i Eliteserien når dei, etter planen, skal opna sin nye stadion i sykkelbyen neste år. Jerv har hatt ein trong start, og kjem til å selga seg dyrt. Strømmen tek i mot Nest-Sotra, og etter oppvisninga sist so har nok Espen Olsen skumle planar for strilane. Martin Trøen skåra også i 3-0 kampen mot Levanger. Terje Rognsø tek med seg sin gjeng til byen, og der tek parhestane Mjelde og Mangersnes dei i mot. Både Åsne og Florø gjekk på stygge smellar sist, og har noko å revansjera.

Laurdag
Kongsvinger - Aalesund kl. 15.30

Sundag
UllKisa - Viking kl. 15.00
Levanger - HamKam kl. 18.00
Mjøndalen - Tromsdalen kl. 18.00
Notodden - Sogndal kl. 18.00
Sandnes Ulf - Jerv kl. 18.00
Strømmen - Nest Sotra kl. 18.00
Åsane - Florø kl. 18.00

Eirik Bakke er optimist før kamp. Me snakka med han etter treninga fredag


Vêrmeldinga
Våren er snart over oss i sin fulle prakt, og me kan ana eit hint av grønskjr no rett før me går inn i mai. Det vert flott i Telemark i morgon. Sola vil skina men det vil og vera litt lettskya, og gradestokken vil ligga på rundt tolv grader under kampen.

Billettar
Her er info om kjøp av billettar

Les meir om Notodden her

Me er klare til kamp. Stao no pao!!

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Sogndal Sogndal 4 2 2 0 6 3 3 8 U V U V
2 Kongsvinger Kongsvinger 4 2 2 0 8 6 2 8 V U U V
3 Levanger Levanger 4 2 1 1 9 4 5 7 U V V T
4 Egersund Egersund 3 2 1 0 10 7 3 7 V U V
5 Stabæk Stabæk 3 2 1 0 5 2 3 7 U V V
6 Bryne Bryne 4 2 0 2 4 3 1 6 V T T V
7 Moss Moss 4 2 0 2 5 7 -2 6 V T V T
8 Lyn Lyn 4 1 2 1 5 5 0 5 T U V U
9 Vålerenga Vålerenga 4 1 2 1 5 6 -1 5 U V T U
10 Ranheim TF Ranheim TF 4 1 1 2 7 7 0 4 T V T U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 4 1 1 2 7 8 -1 4 T T V U
12 Aalesund Aalesund 4 1 1 2 5 8 -3 4 U V T T
13 Åsane Åsane 3 0 3 0 5 5 0 3 U U U
14 Mjøndalen Mjøndalen 3 0 2 1 3 5 -2 2 U T U
15 Start Start 4 0 2 2 4 8 -4 2 T T U U
16 Raufoss Raufoss 4 0 1 3 2 6 -4 1 U T T T

Annonse fra Obos-ligaen: