Fornyar kraftfullt samarbeid

Sogndal Fotball er på lag med krafta ut 2018

Sogndal Fotball har Sognekraft både i og på ryggen også dei to komande sesongane. 

– Eg er veldig glad for at Sognekraft held fram som ein av våre største samarbeidspartnarar. Me har mange felles verdiar og eit felles mål om å utvikla regionen, seier Egil Mundal, dagleg leiar i Sogndal Fotball.

Denne veka kunne Mundal og Trude Undebakke, marknadssjef i Sognekraft, signera avtalen som gjer Sognekraft til ein av dei største sponsorane til Sogndal Fotball også i sesongane 2017 og 2018. Begge partar er godt nøgde med å halda fram samarbeidet.

Sognekraft ynskjer å vera drivkraft i Sogn, og såleis passar me godt saman med Sogndal Fotball som også går i front for å utvikla regionen vår.

— Trude Undebakke

- Sognekraft ynskjer å vera drivkraft i Sogn, og såleis passar me godt saman med Sogndal Fotball som også går i front for å utvikla regionen vår. Berre sjå på Fosshaugane Campus og utviklingta av miljøet her, seier Trude Undebakke.

- Det at dei største partnarane er akkurat dei dei er, er veldig viktig for oss med tanke på profil og merkevare. Sognekraft som selskap og Sognekraft sine mål og verdiar er noko me er stolte over å assosiera oss med. Sognekraft og Sogndal Fotball har som mål å skapa framdrift og utvikling i regionen vår, seier Egil Mundal.

Avtalen mellom Sogndal Fotball og Sognekraft noko meir enn berre ein stor sponsoravtale; det handlar i stor grad om å byggja kvarandre og om å støtta opp om kvarandre sine mål.

- Eg vart utruleg glad då denne avtalen gjekk i orden. Me har hatt samarbeidsprosjekt på rekkje og rad med Sognekraft gjennom fleire år, og det har me lyst til å halda fram med, seier Mundal.


Annonse fra Obos-ligaen: