Trenarteamet imponerte partnarane

Kampanalyse var tema på dagens partnarsamling på Fosshaugane Campus

Korleis ser eigentleg kvardagen til trenarteamet og fotballspelarane ut? Kva arbeid blir lagt ned ifht førebuingar før, under og etter kamp?

Dette var noko av det sponsorane våre fekk svar på i dag. 

Fredag morgon samla me 42 sponsorar til frukost der temaet var kampanalyse. Eirik Bakke og Terje Skjeldestad tok dei frammøte med "inn" i garderoben og gjekk gjennom analysene som blir gjort før kamp. 

Fotballanalyse til frukost Eirik Bakke
Bakke fortel sponsorane om status i laget

- Tilbakemeldingane i dag har vore utelukkande positive. Partnarane syntes det var heilt fantastisk å få eit slik innblikk, og dei var stolte av den kompetansen og stillinga som Sogndal Fotball tek innanfor analysearbeid, fortel marknadsjef Stine Lilloe-Olsen.

- Dette trur eg var etterlengta, og noko me absolutt skal invitere til igjen.

Fotballanalyse til frukost Terje Skjeldestad_2
Skjeldestad fortel om dei ulike verktøya som vert brukt i garderoben.

- Den systematikken trenarteamet utøver foran kvar kamp trur eg var det som imponerte mest i dag. For mannen i gata kan det kanskje sjå ut som at det er tilfeldigheitene som rår i ein fotballkamp, men i dag har me fått sett at det ligg eit stort analysearbeid bak dei vala som blir teke, fortel Lilloe-Olsen.

- Kampanalyse er berre ein liten del av det store bilete. I dag har me fått sett at det jobbast hardt for å oppnå gode resultat. Men fotballen er og mykje følelser og det er ikkje alt ein kan vise i tal og statistikk, hald ho fram.

- I dag har me fått eit innblikk i kva som faktisk skjer i ein norsk fotballgarderobe. Her er det ein vitenskap, ein teknologi og ein kompetanse om fotball som er bygg rundt trenarteamet, fortel Lilloe-Olsen.

Fotballanalyse til frukost Terje skjeldestad_3
Spelaranalyse

Kampanalyse var eit tema som vart veldig godt motteke hjå våre partnarar, og dette er noko med vil presentere igjen ved ein seinare anledning. 

Takk til alle som møtte opp. Me i Sogndal Fotball er svært glad for å ha nettopp dikka med på laget.

Ynskjer di bedrift å bli ein del av vårt sponsornettverk – ta kontakt med marknadssjef Stine Lilloe-Olsen for meir informasjon.

Stao no pao!

Annonse fra Obos-ligaen: