Bronse til damene i KM Futsal

Dei yngste på damelaget deltok første helga i mars i klasse J19 i sluttspelet for KM innandørs i Trivselshallen på Sandane. Resultatet vart ein fin 3. plass.

Ein gjeng med dei yngste (15-17 år) på Sogndal damelag deltok 3.-4. mars i sluttspelet for KM Futsal i klassa for juniorar (J19). Dette vart tradisjonen tru, arrangert i Trivselshallen på Sandane.

Trass i ein del småskadar, og null trening på parkett, kom jentene på ein fin 3. plass. Jentene var godt nøgde med resultatet, og vart det einaste laget frå Sogndal som kom på pallen i turneringa. Kaupanger hadde både 1. divisjons- og landslagspelarar på laget, og kom på 1. plass. Dale tok sølvet.

Helena Træland Navarsete spelte for Sogndal på KM, men har no meldt overgang til Kaupanger. Me nyttar høve til å ønskje ho lykke til med vidare fotballkarriere!

SFFK_bilete

På biletet, framme frå venstre: Ingvil Dybwad Mundhjeld, Kristin Bergheim Lykkeslett, Helena Træland Navarsete og Amalie Sjøvoll Hauglund. Bak frå venstre: Hildegunn Bergheim, Grete Sjøvoll Hauglund, Vilde Slåen Nornes, Lina Stalheim Seldal og Eli Mundhjeld.

Annonse fra Obos-ligaen: