God vårsesong for Damelaget

Trenarane oppsummerer sesongen så langt

Sogndal Damelag har lagt bak seg ein god vårsesong med mange gode prestasjonar og god poengfangst. Me har denne vårsesongen spelt ni kampar der sju har enda med seier og kun to er tapt med ein målskilnad på 32/12. Begge tapa våre denne sesongen var mot Kaupanger, der det siste før ferien var eit surt 1-2 tap i Sognahallen. 


Utanom resultat og prestasjonar har enkeltspelarar denne sesongen teke fleire steg som seniorspelarar. Sogndal som klubb driv utvikling av unge fotballspelarar både på gute og jentesida. Det gror godt i dei yngre rekkjer hjå Sogndal på jentesida også. Jenter som Kristin Bergheim, Amalie Hauglund og Helena Navarsete hadde avgrensa tid med seniorfotball før denne sesongen, men er kome opp som nokre skot, og blitt viktige berebjelkar for laget vårt denne våren, og blir vel så viktige til høsten...

20314543_10212275097065898_167382305_o
Sogndal Damelag Fotball

Me mister no etter sommeren ein del av våre rutinerte i Synne Nornes (studier), June Halvorsen (studier), Vibeke Solheim (studier), Aina Kvam (låneavtale utløpt) og Ida Aardalen (lagt opp). Dette gjer at fleire må brette opp ermane og nokre nye må inn. Kjell August Ytre Eide har bestemt seg for å flytta heim til Stryn etter endt master, så då må me også ut på jakt etter ny keepertrenar. Me vil gjerne takka Kjell og dei andre spelarane for ein fantastisk innsats for Sogndal Damelag og ynskjer dykk alle masse lukke til vidare! 

20354160_10212275096945895_1909612025_o
Glad jentegjeng!


Det seier seg sjølv at når så mange eldre og rutinerte spelarar reiser, så står me ovanfor ei vakse utfordring før høstsesongen tek til. Me må jobba godt med alle dei yngre som er på veg opp. I tillegg må me prøva å vera smarte når me skal hente inn nye fjes. Me har klare ambisjonar om å halde fram med å utvikla oss som klubb og lag etter sommaren. Det krev at me som styrer dette laget også må gjera den jobben som skal til.


Me gledar oss til å ta fatt på sesongen og utfordringane, både me i trenarteamet og jentene er motiverte for det som ventar oss! Me skal fortsetje å utvikla gode fotballspelarar og spela god og underhaldande fotball.

Mvh 

Trenerteamet Sogndal Damelag

(Christoffer Honningsvåg og Brede Nymark)

Annonse: