- Godt å vere tilbake i Saftbygda

Sjå intervju med Hovland, Bakke og Mundal her

Fleire mediehus var på plass i dag då Sogndal Fotball kalla inn til pressekonferanse på Fosshaugane Campus. 

Even Hovland er attende i Saftbygda og fortel at han har ein god følelse for dagens signering.

- Endeleg har eg eit lag på plass og ein klubb å spele for. Eg er klar for å vise meg fram igjen, og ynskjer å bidra både på og utanfor bana her i Sogndal, fortel Even Hovland.


Eirik Bakke var svært nøgd med dagens signering.
- Det er mange som går rundt med eit smil om munnen i dag. Hovland blir ein enorm ressurs for klubben, og me er utruleg glad for at Even tok valget med å signere for oss igjen, fortel Bakke


Signering er av det historiske slaget
Dagens signering er av det historiske slaget ifølgje dagleg leiar, Egil Mundal.

– At tidlegare Sogndal-profilar kjem tilbake til klubben tidlegare enn venta har skjedd eit par gongar før. Svein Bakke gjorde det i 1975 og Håvard i 2001. Dette er ekstremt viktig for klubbkulturen i Sogndal, seier Mundal.


Annonse fra Obos-ligaen: