HAMKAM - SOGNDAL

Briskeby, Hamar - Avspark klokka 15.00

Me er framme ved runde 13 av årets OBOS-liga. I dag er me på tur til Mjøsa, og klokka 15.00 brakar det laust: HamKam - Sogndal.

Her austafor er det vekslande vêr. Det er litt regn, litt sol, skya og litt blå himmel. Temperaturen er fin for fotball, og alt ligg til rette for ein flott kamp på Briskeby.

Me har ei god treningsveke bak oss. Gutane er bra førebudde på kva som ventar. Me er klare til kamp.

Les meir: Før Avspark

Me stiller med denne kamptroppen: 

Mathias Lønne Dyngeland, Kjetil Haug, Per Magnus Steiring, Akeem Latifu, Ulrik Fredriksen, Tomas Totland, Kasper Nissen, Victor Grodås, Eirik Birkelund, Joachim Soltvedt, Eirik Schulze, Kjetil Wæhler, Sixten Jensen, Ulrik Flo, Sigurd Haugen og Ole Martin Rindarøy.

(Johan Hove er på landslagsspel, Lars Christian Kjemhus er ute med ein liten skade og Stanisa Mandic står over pga fire gule kort)

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: