- Kjekt med relevant praksis

Studentar frå Høgskulen på Vestlandet hadde Eat Move Sleep Cup som sitt praksisprosjekt.

Mina Karlsen, Erlend Hovland og Marit Norheim er alle studentar ved Reiselivsledelse på HVL. Som ein del av sitt 3. år har studentane praksisiperiode hjå ulike organisasjoner. Mina, Erlend og Marit valde Sogndal Fotball og Eat Move Sleep Cup som sitt praksisiprosjekt.

- Det er utruleg kjekt å få vere med å arrangere cup. Eg har alltid hatt ein liten draum om å jobbe i ein fotballklubb, og då passa det perfekt å få prøve seg i Sogndal Fotball, seier Erlend.

- I løpet av vårt studium skal me lære å arrangere arrangement i ulik størrelse og skala. Korleis ein organisere frivillige på ein god måte, og få dei ulike arbeidsoppgåve til å flyte er ein viktig del av arrangementet, fortel han.

- Eg er imponert over alle dei frivillige og det er flott sjå at dugnadsånden framleis lev, seier Erlend.

Eat Move Sleep 2018 EMS Bama Foto Hilde Østbø 029
Dei frivillige er alltid flinke til å stille opp i Sogndal

- Det er interessant å arrangere noko ein interesserer seg for, fotball, fortel Mina.

- Det er mykje som skal på plass for ein stor fotballcup, og det er mykje meir førebuingar enn det eg tenker over i forkant. Lærerik og noko me kan ta med oss vidare i både studier og arbeidsliv. 

- Kjekt å ha Sogndal Fotball som sin praksisplass, avsluttar Mina. 

Annonse fra Obos-ligaen: