JERV - SOGNDAL

Norac Stadion, Avspark klokka 18.00

Me er allereie framme ved runde 17 av årets OBOS-liga. I dag har me forflytta oss lenger sør i landet, og er klare til kamp mot Jerv i Arendal.

Det er meldt sol og lettskya under kampen, med gradestokken rundt 20 grader. Alt ligg til rette for ein flott fotballkveld.

Me har ei god treningsveke bak oss. Victor Grodås har takka for seg og får kanskje sin debut for Strømmen allereie i dag, og me har henta ein solid tilvekst i Nikita Baranov frå Kristiansund. Ulrik Fredriksen kjem frå ein krutsterk 3-0 siger mot England, og saman med G19-landslaget er han kvalifisert for VM neste år.

Les meir: Før Avspark

I dag stiller me med denne kamptroppen:

Mathias Lønne Dyngeland, Kjetil Haug, Per Magnus Steiring, Akeem Latifu, Reiss Greenidge, Tomas Totland, Stanisa Mandic, Nikita Baranov, Eirik Birkelund, Joachim Soltvedt, Eirik Schulze, Ulrik Fredriksen, Sixten Jensen, Ulrik Flo, Sigurd Haugen, Johan Hove, Lars Christian Kjemhus og Ole Martin Rindarøy.

Me gler oss til kamp!

Jerv - Sogndal
Norac Stadion, Arendal
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: