Kampen er flytta inn!

Morgondagens kamp mot Brann er flytta inn i Sognahallen - og her er kamptroppen!

Eirik Bakke og karane var veldig klare for å springa ut på Fosshaugane Campus denne veka , men kuldesjokket frå Sibir har gjort at nokon og einkvar har drege på seg både sokkabrok og ullsokkar dei siste dagane.

Morgondagens treningskamp mot Brann er difor flytta inn i gode og varme Sognahallen!

Her er troppen til kampen i morgon:

Mathias Lønne Dyngeland, Kristian Rutlin, Akeem Latifu, Ole Martin Rindarøy, Reiss Greenidge,Even Hovland, Ulrik Fredriksen, Per Magnus Steiring, Eirik Birkelund, Johan Hove, Didé Fofana, Sixten Jensen, Lars Christian Kjemhus, Joachim Soltvedt, Sigurd Haugen, Markus Brændsrød, Ulrik Flo, Stanisa Mandic, Eirik Schulze.

Mathias gler seg til kamp - sjå intervju her.

Møt opp i Sognahallen i morgon! Me har skrudd opp varmen, det er gratis inngang og i kiosken er det både kaffi og pylser.

Treningskamp:
Sogndal - Brann
Sognahallen
Laurdag klokka 14.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: