Kasper Nissen

Kasper ute med roke korsband

Må opererast - misser store delar av sesongen

Kasper Nissen var særs uheldig under den siste treningsøkta før avreise til Gran Canaria. Den unge dansken rauk korsbandet i kneet og må belaga seg på mange treningstimar på gymmen framover.

Medan dei andre gutta drog på treningsleir på Gran Canaria, reiste Kasper til Oslo på utredning. Deretter reiste han heim til familien i Danmark.

- Kasper har roke fremre korsband i kneet og skal opererast i Oslo når all hevelse er vekke, fortel medisinsk ansvarleg Trond Vegard Ripe.

- Dette er ein skade det tek lang tid å bli frisk frå, Kasper er tilbake på bana tidlegast i haust, seier Ripe.

Dansken er ikkje den einaste som slit med skade no i sesongoppkøyringa. Kantspelar Lars Christian Kjemhus måtte reisa heim frå Gran Canaria etter berre nokre dagar.

- Lars Christian skada seg under trening her nede og har ein leddbandskade i kneet. Han skal til utredning hjå ortoped ein av dei første dagane.

Elles er Kristoffer Ryland i gong med trening etter sine skadeproblem. Han fekk mesteparten av sesongen i fjor spolert av ein meniskskade.

Kristoffer er ikkje med til Gran Canaria. Han treng ein litt rolegare treningskvardag enn kva me har her, og trenar no i lag med Sogndal 2.

- Kristoffer sluttar seg til resten av gruppa når me kjem heim frå Puerto Rico, fortel Ripe.

Den tredje litt alvorlege skaden er på Christophe Psyché, som har hatt eit brot i bekkenet. Han er no under opptrening, og det er enno litt uvisst om når han er tilbake for fullt.

- Håpet er at Christophe er tilbake når me er i Marbella om nokre veker, seier Ripe.

Trond Vegard har hatt travle dagar her på vulkanøya, men dei andre på skadelaget er snart tilbake for fullt.

Martin Ramsland har vore ute med ein liten muskelskade og er på treningsfeltet med alternativ trening.

Eirik Schulze har vore ute med lysketrøbbel, han er og snart tilbake for fullt.

- Elles er resten av gruppa friske og raske, litt ømme musklar er det nok ein del av, avsluttar Ripe.

Annonse fra Obos-ligaen: