Takk for strålande innsats, Kevin!

I går hadde Kevin Lund Olsen sin siste trening med Sogndal 3.

Sogndal Fotball ynskjer å takke Kevin Olsen for ein strålande innsats gjennom mange år. Kevin er eit hardtarbeidande ja-menneske og har verkeleg stått på for klubben. Det set me utruleg stor pris på.

Viktig for Sogndal 3
Kevin har vore ein pådrivar for Sogndal 3, og har lagt ned utallige timar i arbeidet som både trenar, oppmann, materialforvaltar, minibuss sjåfør og spelar, og har i tillegg vore aktivt med på både akademiet, Sogndal 2, speaker, frivillig på A-kampar, mm.

Mange spelarar har vore innom Sogndal 3. Alt frå dei som har satsa seriøst (og gått videre med karriere), til dei som har hatt fotballen som leik, sosial og moro.

- Eg vil takka Kevin for innsatsen han har gjort hjå oss, og særleg innsatsen han la ned for SIL 2 i haust. Då sprang Kvein frå akademiet og opp på SIL 2 trening, og deretter rett ned på SIL3 trening. Kevin er ein mann klubben vil sakne, seier toppspelarutviklar Rune Bolseth.

Me ynskjer Kevin masse lykke til vidare med fotball og jobb i Fredrikstad - STAO NO PAO!!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: