Kjekt på Fosshaugane!

Målfest då me slo Skeid med 4-2 - Sigurd Haugen skåra tre.

Det vart litt av ein målfest under "årets Lerum Cup-match"!

Tremålsskårar Sigurd Haugen opna ballet etter 11 minutt. Skeid svarte umiddelbart og utlikna to minutt etter. Etter kvilen var Haugen raskt frampå med ny skåring. Sixten Jensen auka til 3-1 og gjestene yppa seg opp til 3-2 etter 74 minutt. Berre to minutt seinare fastsette Sigurd Haugen sluttstillinga til 4-2.





Rasmus Mo hadde ein flott medhjelpar under Ropet denne gang! Erik Fung hadde reist heilt frå Hong Kong for å sjå kampen i lag med foreldra.

Les om kampen i Sogn Avis

Sigurd Haugen er i kanonform om dagen. Nok ein gang skåra han hat trick. Les om storskåraren i Sogn Avis, og sjå kva han hadde å seie til reporter Ariel etter kampen.





Mathias Lønne Dyngeland var stolt og glad etter kampslutt.

Les fyldig kampreferat på Firdaliven

Tomas Totland spelte ein bra kamp og Sixten Jensen noterte seg for ei skåring.





Eirik Bakke var stolt over karane sine etter kampslutt.
- Dei måtte gå i kjellaren og henta ut det lille ekstra, sa Eirik til Ariel.

Neste helg skal me spela mot Kongsvinger på Gjemselund, deretter er det ein liten fotballferie.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: