Kjetil er med i 2018

Sikra seg sesongskort med ein gang OBOS var eit faktum

- Me må jo vere med!, seier Kjetil Kvåle då me er innom kontoret hans på Kunnskapsparken i det nye Innovasjonsbygget.

Kjetil og kona Aase var dei første som meldte at dei ville behalde sine sesongkortsete på Fosshaugane Campus i 2018.

Kjøp sesongkort for 2018 her

- Sjølvsagt har det litt å seie om det er Eliteserien kontra OBOS, men me kan jo ikkje vende ryggen. Fortsatt vil jo fotballlaget vere her, og så må me ta det for det det er og få laget opp att. Fort, fortel Kvåle.

- Det er fotballlaget Sogndal me heiar på. Me heiar ikkje på divisjonen

— Kjetil Kvåle

Klinte avgårde ein SMS til arrangementsjefen
- Det første Åse sa var "Me skal no i alle fall ha plassane våre". Og då klinte me avgårde ein SMS til arrangementsjef Heggestad, fortel Kvåle.

Elite eller OBOS, me vil gjerne ha plassane våre i 2018 og. Alltid Sogndal. Stao no pao!

Har hatt dei same seta i mange år
- Litt av stasen med å ha dei same seta, er at ein møter dei same folka. Me går ut i pausen og står på den same plassen borte ved søyla, og det gjer andre. Småpraten på tribuna og i pausen er ein del av opplevinga.

- På søndagane er kampane her oppe ein happending, og det er eg stolt over å vera ein del av, seier Kvåle.

Kva ventar i 2018?
- Eg har alltid trua, men det er ikkje ein enkel veg å kome seg opp att. Men kampane skal spelast først, og så får me vere med å heie fram.

- Eg håpar folk er med å støtter opp. Det er mykje som er viktigare i livet enn i fotball, men i Sogndal er fotballen viktig. Fotballen her er viktig for fylket, det er eit samlingspunkt både for private og næringslivet. Me må halde på dei gode møteplassane me har, og det er absolutt Fosshaugane Campus, avsluttar Kvåle.

Annonse fra Obos-ligaen: