Sigeren glapp på overtid

Johan Hove skåra for Norge

I ettermiddag spelte det norske G17-landslaget EM-kvalik mot Russland.

Kampen gjekk i Ungarn, og var den første i Eliterunden. I tillegg til Norge og Russland, består gruppa av Ungarn og Israel.  Dei to beste laga går vidare til EM i Kroatia i mai.

Dei norske gutane tok leiinga i første omgang ved vår eigen Johan Hove i det 36. minuttet. I 2. omgang auka Norge til 2-0 etter 62 minutt, men russarane reduserte berre to minutt seinare. Motstandarane pressa for eit mål til, og fekk løn for strevet på overtid, då utlikna Russland til 2-2.

På onsdag skal Johan og kompani spela mot Israel, og på fredag vert vidare EM-spel avgjort mot heimelaget Ungarn.

Les meir om kampen her!

Les meir: G17: - Vi har alle muligheter

Stao pao, Johan!

Annonse fra Obos-ligaen: