Kristian blir i Glimt

Har signert ein avtale som går ut 2019-sesongen

Bodø/Glimt og Sogndal Fotball er i dag samde om ein permanent overgang for Kristian Fardal Opseth.

Kristian har vore på utlån til nordlandsklubben denne våren, og har gjort sakene sine so bra at dei vil ha han med vidare. I utlånsavtalen mellom klubbane vart partane samde om ein kjøpsopsjon, som no er blitt utløyst av Bodø Glimt.

Kristian har fått mykje speletid i Bodø, og er veldig godt likt både i klubb og blant publikum. Kaupingen har skåra 10 mål på 13 kampar for OBOS-ligaen sitt beste lag.

- Kristian har gjort det bra i Bodø, og han trivast i både by og klubb. Me er difor sikre på at dette er eit riktig steg for han i hans vidare karriere som fotballspelar, seier sportsleg leiar Håvard Flo

- Det føles godt. Eg trivast godt i Bodø, og føler at dette er det riktige steget for meg. Eg har lykkast bra i Glimt til nå og det hadde vore kjedeleg å gi seg halvveges. Me har eit veldig bra lag. Eg har verkeleg trua på at me skal nå målet om Eliteserien 2018, sier Kristian til Bodø/Glimt si heimeside.

Bodø/Glimt har hatt ein flott start på sesongen, og ligg suverent i front på tabellen. Dei har hanka inn 31 poeng på 13 kampar og er 6 poeng foran Ranheim, som ligg på 2. plass. Fortset det slik, vil me sjå Kristian i Eliteserien 2018.

Kristian var som toppskårar ein stor bidragsytar til at me vann 1. divisjon i 2015, og sikra opprykket. Høgdepunktet i vår tid saman kom på Brann Stadion den sommaran, då han banka inn tre mål mot Brann i kampen me vann 4-0.

Skader og lagets endra spelestil gjorde at han ikkje fekk so mykje speletid i fjor, og han reiste difor til Bodø for å få fart på karrieren att. Det har han fått, og me gler oss over den flotte sesongen han har hatt til no for Glimt.

- Kristian er ein kjempefin gut, og me ynskjer han lukke til i Bodø, avsluttar Flo.

Stao pao, Kristian!

Les meir her

Foto: Bodø/Glimt - Kent Even Grundstad

Annonse fra Obos-ligaen: