LEVANGER - SOGNDAL

TOBB Arena, Avspark klokka 18.00

Me er framme ved runde 11 av årets OBOS-liga. I dag er me i Trøndelag, dagens motstandar er Levanger.

Me har reist frå somaren og den flotte sola. Her er det overskya, og dei skyene er nokså mørke. Gradestokken viser førebels i underkant av tjue, men den er på veg nedover, og under kampen skal det vera rundt 12-14 grader.

Karane kom hit i går etter ein fin tur over fjellet. Tida her oppe har gått med til dei vanlege kampførebuingane.

Les meir: Før Avspark

Me er klare til å ta på arbeidshanskane og kjempa med nebb og klør for tre viktige poeng.

Dette er dagens kamptropp: 

Mathias Lønne Dyngeland, Kjetil Haug, Per Magnus Steiring, Akeem Latifu, Ulrik Fredriksen, Tomas Totland, Lars Christian Kjemhus, Victor Grodås, Eirik Birkelund, Joachim Soltvedt, Eirik Schulze, Kjetil Wæhler, Sixten Jensen, Stanisa Mandic, Ulrik Flo, Sigurd Haugen, Ole Martin Rindarøy og Johan Hove.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: