Med VM i sikte

Ulrik Fredriksen vart kasta inn i eliteserien med Sogndal i 2017. Han var tiltenkt ein rolle som kaptein på Sogndal 2, men skadeproblema på A-laget gjorde at Ulrik gjekk rett inn på stopparplass.

Artikkelen er publisert i OBOS-magasinet 2019-no1

Den då 17 år gamle bergensaren klarte seg utmerka. Rett nok avverga han eit skot med handa i debuten. Dette ga raudt kort og straffespark til FK Haugesund. Men keeper Dyngeland redda meisterleg og Sogndal tok med seg eitt poeng heim. Ein stor fotballkarriere var i gang.

- Eg fekk tillit frå start og følte det gjekk bra. Dette ga sjølvtillit og motivasjon til å satsa endå meir. Og forholda i Sogndal ligg jo svært godt til rette. Alle blir tekne godt vare på, folk bryr seg og ønskjer det beste for alle, fortel Ulrik Fredriksen.

Trenar Eirik Bakke har mange lovord å sei om 19-åringen.

- Han har knapt stått over ei trening sidan han kom hit for tre år sidan. Han viser mange av dei kvalitetane og den innstillinga me er på jakt etter. Rett og slett ein flott type som kjem til å nå langt på fotballbana, seier Bakke om unge Fredriksen.

Opprykket gjekk fyken etter eit dramatisk kvalik-tap mot Aalesunds FK i fjor haust, men Ulrik var med då Sogndal sitt U-19 lag sensasjonelt vann NM og Skandinavisk meisterskap.

- Det var utruleg kjekt etter tapet for AaFK. Me var outsiderar heile vegen og stod saman som eit skikkeleg lag. Fantastisk, og ein stor inspirasjon for alle på laget til å satsa vidare, fortel 19-åringen om sensasjonen då Sogndal vart skandinavisk U-19 meister.

No ser Ulrik Fredriksen fram til ein ny sesong med eit Sogndal på jakt etter opprykk. Men like mykje, sluttspel i VM for Norge U-20 som møter Uruguay, New Zealand og Honduras i Polen i slutten av mai. 19-årngen utgjer som regel stopparparet saman med Leo Skiri Østigård.

- Eg gler meg enormt til VM, sjølvsagt. Håpar eg får spela og at me kan visa oss fram på ein skikkeleg måte. Eit utruleg spennande lag og spelarar med ulike, gode eigenskapar, er Ulrik sin karakteristikk. Han har god tru på å komma vidare frå grunnspelet.

- Og då kan jo alt skje, smiler Ulrik Fredriksen lurt.

Så han går ei travel tid i møte. Han avslutta vidaregåande utdanning i fjor, og til hausten blir det vidare studiar. Men først eit nytt forsøk med Sogndal for å kopiera pappa Roar sin prestasjon for 19 år sidan – opprykk til tippeligaen.

Pappa Roar gjorde stor suksess i sogndalsdrakta for 20 år sidan. Toppscorar i 1999-sesongen og med på opprykket i 2000 etter fotballdramaet på gjennomblaute Ullevål då Vålerenga vart sendt ned i OBOS-ligaen. Farfar Bjørn Fredriksen var habil keeper for Ny-Krohnborg i 3. divisjon på 1960- og 70-talet. Og veslebror Jonas har følgd etter Ulrik til Sogndal. Så her snakkar me om ein ekte fotballfamilie.

- Kjekt at Jonas også er ein del av laget. Me støttar kvarandre, og eg har god tru på at også han vil gjera seg gjeldande og visa at han etter kvart fortener ein plass på laget, er Ulrik sin kommentar. Om Sogndal sine sjansar i årets OBOS-liga, har han dette å seia:

- Me bør stilla sterkare i år. Fleire av dei unge har meir erfaring, og me trenar godt for å stå sterkast muleg rusta til dei utfordringane som kjem. Me er ein god gjeng og skal kjempa knallhardt for å hengja med i toppen, meiner ein bestemt Ulrik Fredriksen.

Ulrik Fredriksen

  • Alder: 19 år

  • Fødd: Sogndal

  • Tidlegare klubbar: Sædalen, Fyllingsdalen

  • Favorittspelar: Miralem Pjanic, Juventus

  • Favorittklubb: Tottenham

  • Musikk: alt som er bra

  • Film/TV: litt forskjellig

  • Hobby: sosialt med venner

Annonse fra Obos-ligaen: