Nettverksbygging

Sponsorfrukost, mingling og oppdatering frå sport

I dag var næringslivet, tilsette i Sogndal Fotball og eit par av våre A-lagsspelarar samla til frukost på Fosshaugane Campus. Dei frammøtte kunne nyte ein nydeleg frukost servert av SAMAN i Høgskulekantina. 

To av bredriftene som var sterkt representert i dag var Arkitektkontoret 4B og Nettbuss Travel AS.  

Sponsorfrukost
Arkitektkontoret 4B og Nettbuss Travel AS ved Lise Fadnes (4B), Sissel Seim (4B), Christina Sørheim (4B) og Heidi Kathrin Osland (4B) Else Nesøy (Nettbuss), Wenche Galborgen (Nettbuss) og Vivian Hilleren (Nettbuss).

Arkitektkontoret 4B
- Arkitektkontoret 4B består av 6 arkitektar og me tek på oss ulike typar oppdrag som bustader, næringsbygg, idrettsanlegg, barnehagar og skular, reguleringsplanar, muligheitsstudiar og tettstadsutviklingsprosjekt, fortel dagleg leiar Heidi Kathrin Osland.

- Me er stolte over å vere arkitektkontoret som vert nytta i samband med restaurering av stavkyrkjene våre, og får mange oppdrag med både gamle og nye bygg i verneområde.  Arkitektkontoret 4B flyttar den 1. oktober inn luftige lokaler i det nye Innovasjonsbygget til Sogndal Fotball på Fosshaugane Campus, teikna av Arkitektkontoret 4B, seier Osland.

Nettbuss
Nettbuss Travel AS har i lang tid hatt ansvar for å frakte A-laget vårt trygt fram til dei mange arenaene rundt om i landet. Avdelingsleiar Else Nesøy kan fortelje at ho og resten av Nettbuss er godt nøgd med samarbeidet. 

- I dag har avdeling Sogn ansvar for Ekspressbuss, Turbuss og Flyplassen i Sogndal – Innsjekking  og bagasje som samarbeidspartnar med Widerøe. Me er 3 damer som arbeidar i administrasjonen i tillegg til over 35 supre sjåførar og flyplasstilsette!, fortel Else Nesøy.

 

Sponsorfrukost (3)
Ole Amund Sveen og Per Magnus Steiring er godt nøgd med frukostbuffeten

Sport var også godt representert på sponsorfrukosten og Ramus Mo tok ein prat med Ole Amund Sveen, Kjetil Wæhler og hovudtrenar Eirik Bakke.

Kjetil Wæhler kunne fortelje at han har hatt ei veldig fin tid i Sogndal så langt. Sjølvsagt har det blitt ein snakkis rundt spelaren med nummer 41 på ryggen, men Wæhler seier sjølv at alder er berre eit tal. Med sin profesjonalitet har han med anna bidrege til at fleire av dei unge spelarane våre har tatt store steg.

Ole Amund Sveen og Ramus Mo
Ole Amund Sveen og Ramus Mo

Eirik Bakke er klar for ein spannande haust, og er godt nøgd med signeringane som er gjort i sommar.

- Me er godt rusta for ein god haustsesong no. Me har vært med på dette før, så det er berre å bretta opp ermane og fram med brystkassa, det er det som gjelder, seier Bakke.

- Det er ein svolten gjeng som går ut på bana kvar dag for å trena og vil bli bedre. Så leve helgane litt sitt eige liv, med tap og vinn, men det er viktig å sjå framover uansett. Ein må smelle til og det skal me gjere på søndag, seier Bakke. 

Sponsorfrukost (4)
Våre sponsofrukostar opner opp for nettverksbygging, mingling og diskusjon.

Takk til alle som møtte opp. Me i Sogndal Fotball er svært glad for å ha nettopp de med på laget.

Ynskjer di bedrift å bli ein del av vårt sponsornettverk – ta kontakt med marknadssjef Stine Lilloe-Olsen for meir informasjon.

Stao no pao!

Annonse fra Obos-ligaen: