På utlån til Jerv

Markus Brændsrød blir på sørlandet ut vårsesongen

Sogndal Fotball og Fotballklubben Jerv er samde om ein utlånsavtale for Markus Brændsrød. Avtalen går frem til og med 31/7 2019.

- Markus er tilbake for fullt etter skade, men treng speletid. Dette håpar me at han skal få mykje av i Jerv, seier sportsleg leiar Håvard Flo om utlånsavtalen.

Markus har allereie reist, og han har i dag slutta seg til Jerv i Marbella. På måndag kan han få debut i den blågule trøya, då er det sørlandsoppgjer på Costa del Sol når Jerv barkar i hop med Start.

Me ynskjer den fotrappe karen frå Tønsberg mykje lukke til i Grimstad!

Annonse fra Obos-ligaen: