Påmelding til miniakademiet er klart

Eit aktivitetstilbod frå Sogndal Fotball

Laurdag 30.september startar miniakademiet for alle jenter og gutar født i 2010, 2011, 2012.

Miniakademiet er eit aktivitetstilbod der trygghet og trivsel står i sentrum. Av erfaring er mykje øvingar i denne alderen lite hensiktsmessig. Dei tek verbal instruksjon dårleg og blir fort ukonsentrerte. Dei har stor aktivitetstrong og trivst best når dei får læring gjennom sjølve spelet. Derfor blir opplegget for desse kulla i hovudsak bestå av småbanespel dvs. 3v3 og 4v4. Men for variere aktiviteten, vil vi leggja enkelte enkle øvingar med ball, som skal gi barna meir motivasjon og utvikling.

Les meir på Miniakademiet si heimeside - klikk her

Organisering:

På miniakademiet har me fokus på følgjande:

Spel 3 mot 3
Alle involvert
Enkle balløvingar
Mykje ballberøringar
Fair Play
Det vil alltid vera ein hovudinstruktør frå Sogndal Fotball som organiserer aktivteten, han har også med seg trenarar som skal bidra under smålagspel og øvingar med ball.

Treningstid og datoar:

Treningane er i Sognahallen frå 10:00-11:15.

Oppmøte er 5 min før oppsatt tid.

Oversikt over treningsdagar: (merk deg at det er søndagar og denne perioden, dette pga ulike arrangement i hallen på laurdagar i haust)
Laurdag 30.september
Laurdag 7.oktober
Søndag 15.oktober
Laurdag 28.oktober
Laurdag 4.november
Søndag 12.november
Laurdag 18.november
Laurdag 25.november
Laurdag 2.desember
Laurdag 9.desember

Pris: kr 550,- (10 økter)

Klikk her for påmelding

* FRIST FOR PÅMELDING: FREDAG 29.SEPTEMBER

Betaling: Det vil bli sendt ut betalingsinfo pr. epost etter påmelding. Dette vil skje etter at me har gjennomført økt 1.

Søskenrabatt gjeld:

20% barn nr 2
40% barn nr 3+
 
For meir info: kontakt Sogndal Fotball per epost: [email protected]

Følg oss på Facebook: søk på SogndalAkademiet 

Annonse fra Obos-ligaen: