Reaksjonane etter kampen

Me snakka med Bakke, Hovland og Flo etter sigeren mot HamKam

Det vart ein slitekamp mot nyopprykka HamKam i Marbella i går.

Spelet var oppjaga og me kom ikkje til like mange sjansar som mot Nest Sotra for nokre dagar sidan.

Her er skåringane frå kampen.


- Det er slike kampar som er viktige at me vinn, sa trenar Eirik Bakke etter kampen. 

- Me kjem til å spela ein del slike kampar i denne sesongen.



Kaptein Even Hovland beskreiv kampen som ein slitekamp me vil få ein del av denne sesongen.

Ulrik Flo gjorde eit solid innhopp, der han tackla så det grein og skåra eit flott mål.


Annonse fra Obos-ligaen: