- Ein lærerik dag

Tysdag var over 30 personar frå ulike bedrifter i området samla til salskurs på Fosshaugane Campus.

For 2. året på rad inviterte me Richard Jacobsen til Sogndal for å halde salskurs på Fosshaugane Campus. Over 30 personar frå ulike bedrifter i fylket deltok på kurset som var i regi av Sogndal Fotball og Gosh pgp.

- Dette har vore ein svært lærerik dag. Det er godt å få ei stadfesting på at det ein driv på med i kvardagen har noko føre seg. Eg kjenner meg igjen i veldig mange av eksempla som Richard kjem med, samtidig som me har fått innspel på detaljar i salsarbeidet ein bør vere bevisst på, fortel Remi Lunde Solbakken i NVRLNDdesign.

- Dette er fjerde eller femte gangen eg er med på dette kurset, og du lære jo noko nytt kvar gang, fortel dagleg leiar i Gosh pgp Ole Petter Heggestad.

- På kurset i dag var det ein ulik samansetning av bedrifter, det gjer at kurset får ein utruleg god dynamikk som er ekstra kjekt for oss som er med å arrangerer. Spesielt var det kjekt at Highsoft var til stades med heile sitt salsteam. Highsoft gjer det utruleg godt inne i Vik, og det er kjekt at ei internasjonalbedrift er til stades og føler at dei og har noko å lære, fortel Heggestad.

Richard Jacobsen har over 20 års fartstid i salsarbeid og delte ivrig sine erfaringar og råd. Gjennom gode eksemplar og ein tydeleg formidlingsevne fekk deltakarane med seg gode verktøy tilbake til sine bedrifter.

Salskurs med Richard Jacobsen 01
Over 30 personar frå ulike bedrifter i fylket var samla til salskurs

- Det er utruleg spennande å vere til stades i ei gruppe som er så interessert og reflektert over sitt eige salsarbeid. Så blir eg imponert over at folk er vakne og følg med gjennom heile dagen, til tross for at dagen kan bli intens, fortel Jacobsen.  

- Det viktigaste eg ynskjer å formidle i dag er at sal er noko alle kan få til. Det krev ikkje noko spesielt, anna enn at du må ha lyst til å selja. Dei fleste har mykje høgare erfaring med sal enn det dei er klar over. Sal er ikkje så teknisk som mange kanskje trur.

- Å selja er berre å hjelpe kundane til å finne riktig løysing, avsluttar Jacobsen.

Ynskjer di bedrift å arrangerer kurs eller seminar saman med Sogndal Fotball?

Ta kontakt med oss på [email protected] for ein uforpliktande samtale.

Stao no pao!

Besøk vår bedriftnettside her: www.sogndalfotball.com

Annonse fra Obos-ligaen: