SANDEFJORD - SOGNDAL

Komplett Arena, avspark klokka 19.00

Me er framme ved runde 19 av Eliteserien 2017.

Klokka 19.00 brakar det laust på Komplett Arena: Sandefjord - Sogndal.

Gutane har hatt ei god treningsveke bak seg, og det har blitt nokre timar i bussen. Me kom til Larvik i går ettermiddag, og har hatt gode førebuingar i dag.

Dette er dagens kamptropp:
Mathias Dyngeland, Tarjei Omenås, Taijo Teniste, Reiss Greenidge, Per Magnus Steiring, Bjørn Inge Utvik, Kjetil Wæhler, Victor Grodås, Eirik Skaasheim, Eirik Birkelund, Gilbert Koomson, Joachim Soltvedt, Chidiebere Nwakali, Markus Brændsrød, Eirik Schulze, Bendik Bye, Stanisa Mandic og Martin Ramsland. 

Som me kan sjå er Bjørn Inge tilbake i kamptropp! Det er veldig kjekt at den entusiastiske midtstopparen er tilbake etter ankelbrotet so raskt. I troppen ser me óg Kjetil Wæhler, som slutta seg til gruppa på tysdag. Heilt ny i kamptroppen er Stanisa Mandic, det blir spennande og sjå han i kamp om han får debuten i dag.

Trening v 32 2017 (1)
Stanisa Mandic, Kjetil Wæhler og Bjørn Inge Utvik er alle med i dagens kamptropp

Er du i Sandefjordsområdet, er det veldig kjekt om du tek turen og støttar karane. Her er litt info for deg som bortesupportar på Komplett Arena, med link til billettsal. 

Les om før kampen på Sandefjord sine heimesider.

Vêret her i Vestfold er ganske sommarleg med god temperatur. Det er flotte forhold for fotball, og under kampen er det meldt solskin, lettskya og rundt 20 grader.

Les også: Før Avspark.

Sandefjord - Sogndal
Komplett Arena
Avspark klokka 19.00

Stao no pao!!

Annonse: