Sesongen er i gong

Tøff start mot Kaupanger, reiste seg stort mot Sandane

På sundag starta sesongen for Damelaget, og det vart ein tøff start for det unge mannskapet til trenar Brede Nymark.

Om lag 150 tilskodarar fann vegen til Sogndal stadion på Kvåle denne flotte vårdagen med strålande sol og mange varme grader.

Gjestene i grønadrakti kom best i gong med sesongen og tok leiinga allereie etter 5 minutt. 

- Spelarane var ikkje heilt påskrudde og konsentrerte i 1. omgang. Det kollektive var for dårleg, og KIL fekk styra det meste. Me heva oss i litt 2. omgang, men sleit med siste tredjedel, seier Brede.

Det vart til slutt 0-5, noko som var i overkant mykje etter banespelet.

- Oppsummert so skapar me for lite, men er gode i periodar der me har ball. Me møtte eit godt og samspelt Kaupangerlag, som skåra tre av måla sine etter corner, seier Brede, som trass tapet var optimist foran den neste kampen borte mot Sandane.

Her er nokre bilete frå kampen (Alle foto: Rune Sjøberg)

Det starta ikkje so bra i Gloppen.

- Me tok med oss det positive frå KIL-kampen og bestemte oss for at me ville trykka til, og ta med det offensive spelet me har fått til på trening, fortel Brede, som måtte sjå at me kom fram til eindel nesten-sjansar som ikkje gav resultat.

Frå det 25. minuttet og ut omgangen vart det ellevilt på Sandane. Heimelaget viste fram målteft og på sju minutt skåra dei tre mål.

- Det er lett å gje opp når ein får slik i fleisen, men jentene stod opp, tok kampen tilbake og utlikna til 3-3 rett før pause.

I det 37. minuttet skåra Elin Stensrud årets første seriemål med ei flott heading. Nokre minutt etter skåra Amalie Hauglund eit flott mål og det var ny spenning i kampen.

To minutt på overtid av første omgang sette Trude Kveane ballen kontant i nota etter litt klabb og babb i feltet, slik at stillinga ved pause var 3-3.

Stig Høynes frå Haugen fotball var sjølvsagt på plass, sjå dei flotte bileta frå kampen her

I pausepraten vart jentene einige om å halda oppe trykket, og dette resulterte i nytt mål i det 57. minuttet då Trude putta sin andre for kvelden.

- Me skapte mykje framover i denne kampen, spesielt i 2. omgang. Me kunne fort ha skåra fleire mål, seier ein nøgd trenar som framheva lagmoralen i gruppa.

Av dei femten spelarane som var i kamptropp, var det fire debutantar frå jentelaget.

- Me tok store steg frå opningskampen, og me skal utvikla dette vidare. Det bur mykje bra i denne gjengen, avsluttar Brede Nymark.

Annonse fra Obos-ligaen: