- Me fekk gjera ein skilnad

Rasmus Mo er tilbake i Sogndal. No sit han att med mange store inntrykk og ein iver etter å hjelpe fleire.

 - Då er me heimkomne etter eit opphald i flyktningeleiren Skaramangas, Hellas. Me fekk gjere ein skilnad, me fekk dele augeblikk, me fekk høyre historiar, me fekk gode klemmar, me fekk gode smil, me fekk omfavne ungar og me fekk dele. Me fekk gjera ein skilnad i ein leir nesten utan håp, fortel motivator i Sogndal Fotball Rasmus Mo.

Laurdag 27. januar reiste Rasmus Mo til Hellas for å bidra i hjelpeorganisasjonen ”Dråpen i Havet” som hjelpearbeidar i flyktningeleiren Skaramangas. Rasmus har gjennom ein innsamlingsaksjon på Facebook samla inn over 270 000 kr som skal komme båtflyktningane som strandar i Hellas til gode.

- Pengane som er samla inn forvaltar ”Dråpen i havet” til nødvendigheitar som er i leiren. Det er til dømes kle, leikar til ungane og til forskjellige aktivitetar i leiren, seir Rasmus. 

Under opphaldet bidrog Rasmus med å fylle opp butikken i leiren, i tillegg til at han hjalp til med å utruste aktivitetsromma til ungane ved leiren. Varene som vart kjøpt inn for bebuarane var alle i frå lokale kjøpmenn. Dette var viktig for å styrke næringslivet rundt flyktningleiren.

Bebuarane i leiren fekk utdelt ”dråpar” som fungerte som ein valuta til innkjøp av leikar, klede, ulltepper og andre sårt trengande ting.

Dråpen i havet Rasmus
Frå butikken, her saman med Fredriko og Kedrab

I leiren på dagtid satt bebuarane opp presenningar og laga til boder. Der prøvde dei å få solgt grønnsaker og andre enkle produkt som dei fekk tilgang til nært leiren.

Det var tydeleg at det var mykje aktivitet blant bebuarane inne i leiren på kveldstid. Dette førte til at Rasmus og dei andre hjelpearbeidarane blei anbefalt å ikkje opphalde seg der på kveldstid grunna deira eiga sikkerheit.

Ei vanleg gate i Skaramangas. Tett mellom containarane
Ei vanleg gate i Skaramangas. Tett mellom containarane

- Dette er ein relativt godt organisert leir, men folk bur i små konteinarar, det finnast ikkje ein grøn flekk, men betong og høge murar. Her har mange budd i to år. Dei er ikkje registrerte... dei har ikkje papir..  ingen VEL eit slikt liv, fortel Rasmus.

Mange av ungane i leiren var underernært på vaksenkontakt og omsorg
Mange av ungane i leiren var underernært på vaksenkontakt og omsorg

Båtflyktningane som kjem Hellas er primært frå Syria, Afghanistan og Irak. Desse menneska flykta frå krig i håp om ei betre framtid i Europa.

- Mange av flyktningane som kom seg til Hellas var sterkt prega frå den situasjonen dei flykta frå. Det å kunne leike med ungane, det å lytte til historiane, eller berre bli møtt med eit smil, var noko dei satt utruleg stor pris på, sier Rasmus.

- Det er viktig at me ikkje ”gløymer” at dette fortsatt er eit stort problem, sjølv om dette ikkje preger nyheitsbilete i like stor grad som før. Kvar dag straumar det flyktningar som flyktar frå krig i heimlandet sitt og kjem til Hellas, fortel Rasmus

- Eg ynskjer å bidra ytterlegare og har allereie planlagt ein ny tur til Hellas. denne blir i juni 2018, avsluttar Rasmus.

Ynskjer du å bidra "Dråpen i Havet"? - Klikk her

Annonse fra Obos-ligaen: