Slik gjekk det sist

Sogndal - Stabæk 4-1

På søndag skal karane ut og kjempa om tre særs viktige poeng på Nadderud Stadion i Bærum.

Motstandar er Stabæk, og sist me møtte dei, vart det 4-1 til våre gutar.

Det var ein siger med bismak. Det var i denne kampen Ole Amund Sveen knakk begge beina i leggen, slik at han mista resten av sesongen. 

Typisk nok for den staute karen frå Redalen; skaden oppstod då han kriga inn 1-0-skåringa i første omgang.

Etter kvilen netta Bendik Bye to gonger, før Gilbert Koomson avslutta skåringsballet med å skåra sikkert frå straffemerket.

Her er TV-bileta frå kampen.


Me treng støtte frå alle som kan krypa og gå på søndag. I samarbeid med Sogn Næring, Amfi Sogningen og Holen Installasjon set me opp buss til kampen. Les meir om dette her.

Det er gratis inngang på Nadderud, men alle som skal på kamp må bestilla billett på heimesida til Stabæk, det gjer du her.

Her er nokre bilete frå kampen i vår.

Annonse fra Obos-ligaen: