Trening med Sogndal United

Fosshaugane Campus: søndag 22.april kl.14:00

Velkommen til Sogndal United-tilrettelagt fotballsamling 22. april.

Fotballtrening
Søndag 22.april invitera Sogndal United og NFF S&F til ein felles fotballdag i Sogndal. Her vert det trening inne i Sognahallen, etterfølgt av matservering og OBOS-liga kampen Sogndal-Kongsvinger!

Påmelding innan 13. april
Veit du spelarar som ønskjer å delta? Send e-post til Iren i Sogndal United: [email protected] tlf: 90892834

Program:
13:30-14:00 - Oppmøte i Sognahallen
14:00-15.30 - Fotballøkt og kamp
15:30-16.30 - Mat og sosialt fellesskap
17:30-20.00 - OBOS-liga kamp: Sogndal-Kongsvinger. NB! sei ifrå kor mange kampbillettar de ynskjer - kr.100,- pr stk. 

Ta med:
 Fotballsko el joggesko, leggskinn og drikkeflaske.
 Aldersgrense 16 år og oppover. Alle spelarar må ha med ledsager (Ta kontakt dersom spelarar under 16 år ynskjer å delta).

Pris pr deltakar: Aktivitet + mat(gryterett m/salat): kr 400,-
Mat-ledsager: kr 100,-

Les meir om "Fotball for alle" og dei ulike treningstilboda som er i fylket her

Landsturneringen 2018 i Bergen 
-Me håpar å kunne sende eitt eller fleire fylkeslag til Landsturneringen 2018 i Bergen. Alle som ynskjer å delta vil kunne gjere det utifrå sine forutsetningar. Landsturneringen har fem ulike ferdigheitsklassar og me håpar mange spelarar har tid og lyst til å bli med oss på tur neste haust, fortel Iren Nordheim

- Me legg opp til to treningssamlingar for spelarane som skal reise, ei i juni og ei i slutten av august. Vi håpar å få reise med felles buss og det vil bli sponsa 1000,- kr pr spelar frå overskuddet på kontoen til Byrkjeloleikane, seier Nordheim.

Les meir om Landsturneringen her

Påmelding til Landsturneringen
Me ber difor om at spelarane vurderer dette og gir ei tilbakemelding så snart som råd. Påmeldingen er opna og SISTE frist er 6 mai.

Veit du spelarar som ønskjer å delta? Send e-post til Iren i Sogndal United: [email protected]

Beste helsing
Leiargruppa i Sogndal United/Sogn og Fjordane Fotballkrets :-)

Annonse fra Obos-ligaen: