Sogndal - Tromsdalen

Fosshaugane Campus kl. 18.00

Ventetida er over, og det er endeleg klart for spel om poeng her heime på Fosshaugane Campus!

Den vakre bygda vår er klar til fotballfest, og me byr Tromsdalen opp til dans.  

Våren ser ut til å gå på sparebluss i år, men i dag er det varmegrader ute, om enn ikkje so mange. Under kampen blir det overskya og rundt 5 grader.

SogndalBui vil ha stand i Sognekraftgata, der vil Marie og kompani stå med flotte Sogndal-effekter. I dag sler dei til med tilbod på den flotte Fjedle Kadla hua, ta turen bortom dei!

Det er åtte år sidan Tromsdalen var på Fosshaugane sist, då slo me dei 5-0, ein god og viktig siger i opprykksesongen.

Kampbilletten din kjøpast anten på nett eller i BillettBui, som opnar lukene klokka 16.00. Tor og kompani sit då klare.

Her er dagens kamptropp:

Mathias Lønne Dyngeland, Kjetil Haug, Per Magnus Steiring, Akeem Latifu, Johan Hove, Ulrik Fredriksen, Tomas Totland, Lars Christian Kjemhus, Reiss Greenidge, Eirik Birkelund, Joachim Soltvedt, Eirik Schulze, Didé Fofana, Sixten Jensen, Stanisa Mandic, Ulrik Flo, Markus Brændsrød, Sigurd Haugen

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: