SOGNDAL - VIKING

Fosshaugane Campus, Avspark klokka 15.30

Me er framme ved runde 12 av årets OBOS-liga. I dag får me besøk av tabellnabo Viking, og det er duka for litt av ein fotballfest på Fosshaugane Campus.

Det er nok ein nydeleg somardag her i vakre Sogn. Sola badar Saftbygda, og det er nesten ikkje ei sky på himmelen. Det blir varmt på kamp i dag, også for dei på tribuna. Pass på at du får i deg nok drikka!

Me har ei god treningsveke bak oss. Gutane er bra førebudde på kva som ventar. Alt ligg tilrette for ein flott fotballfest på Fosshaugane Campus.

Les meir: Før Avspark

Me stiller med den samme kamptroppen som sist: 

Mathias Lønne Dyngeland, Kjetil Haug, Per Magnus Steiring, Akeem Latifu, Ulrik Fredriksen, Tomas Totland, Lars Christian Kjemhus, Victor Grodås, Eirik Birkelund, Joachim Soltvedt, Eirik Schulze, Kjetil Wæhler, Sixten Jensen, Stanisa Mandic, Ulrik Flo, Sigurd Haugen, Ole Martin Rindarøy og Johan Hove.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: