Solid siger mot Åsane

Målfest på Fosshaugane i generalprøven.

Me slo Åsane med solide 5-1 i den siste treningskampen før alvoret startar neste veke.

Les om kampen i Sogn Avis

Etter ein litt famlande opning av kampen, spelte me oss opp meir og meir gjennom kampen, og i andre omgang var det spel mot eitt mål.

Annonse:
Det var Åsane som tok kommandoen. I opningsminuttet fyrte de av eit skot som smalt i stanga bak Mathias Dyngeland, og kort tid etter skåra gjestene.

Me jobba oss sakte, men sikkert innatt i kampen, og i det 37. minuttet tenkte Didé Fofana at det fekk vera nok og smalt ballen i mål. 

Rett før pause fekk me straffe etter ein hands i Åsane sitt felt. Stanisa Mandic ekspederte denne kontant i mål.

Like etter var me på visitt i Åsane sitt felt igjen. Eit flott angrep på høgrekanten vart avslutta med at Sigurd Haugen fekk sitt første mål for Sogndal.

Etter kvilen styrte Eirik Bakke sitt manskap kampen. Akeem Latifu sendte avgarde eit skot som forandra retning hjå Sigurd, som dermed noterte seg for sin andre skåring.

Sixten Jensen fekk æren av å fastsetje sluttresultatet til 5-1 mot slutten av kampen.

No er det ei dryg veke att til det heile brakar laust mot Aalesund på Color Line Stadion neste tysdag.

Me stilte med dette mannskapet:

Mathias Dyngeland - Akeem Latifu, Even Hovland, Per Magnus Steiring, Reiss Greenidge - Stanisa Mandic, Eirik Birkelund, Didé , Eirik Schulze - Markus Brændsrød, Sigurd Haugen

Benken: Kjetil Haug, Joachim Soltvedt, Lars Christian Kjemhus, Sixten Jensen, Tomas Totland, Kasper Nissen, Andreas Flåten og Ulrik Flo.

Annonse fra Obos-ligaen: