Reiss Greenidge

Stopparkjempa Reiss Greenidge

Forsvarsspelaren med 195 cm på sokkelesten har allereie fått ein god start på Sogndal-karriera. Med målgjevande i debutkampen mot Odd og mål i sin andre kamp mot Sandefjord, håpar han at han kan bidra med litt britisk aggressivitet i laget.


Reiss signerte med Sogndal etter at kontrakten med Ebbsfleet United gjekk ut i byrjinga av sommaren. Han har prøvespelt hjå både Viking og Start der han viste mykje positivt, men valte til slutt å komma til Sogndal.

-Det er annleis å bu i Sogndal enn det å bu i London. Sogndal er veldig stille og rolig, medan London er ein travel by. Det er likevel ein fin forandring som gjer ein moglegheit å fokusera på å spela fotball utan andre distraksjonar, seier Reiss.

Han har tidligare spelt for West Brom U23, samt i Port Vale og Hemel FC kor han har vore på lån.

Reiss beskriv seg sjølv som ein stor og sterk fotballspelar, som er god i lufta og god i 1-mot-1 forsvar. Han har som ambisjon å spela mest mogleg for Sogndal, samt har engelskmannen har ein ambisjonar å nå langt i fotballkarriera, slik han får spela i VM eller Champions League.

Velkommen til Sogndal, Reiss!

Reiss Greenidge

  • Født: 10.aug 1996

  • Alder: 21 år

  • Høgde 195cm

  • Nasjonalitet: Engelsk

  • Posisjon: Forsvar

  • Draktnummer: 16

Tidlegare klubbar:

  • West Brom U23

  • Port Vale, lån

  • Ebbsfleet United

  • Hemel FC, lån

Annonse fra Obos-ligaen: