Superbygda Balestrand

Sogndal Fotball og MOT har vore på skulebesøk ved Sagatun skule.

- Det er alltid utruleg kjekt å kome til Balestrand. Her er både ungdom og vaksne godt kjende med Sogndal Fotball og smila sitt lett, seier kontorleiar Hilde Østbø.

- Det første som møter oss i dag er ei blid jente som den kvite Sogndaldrakta på. Det varmar eit sogndalhjarte, fortel Østbø.

Skulebesøk Balestrand MOT Sagatun-11

Onsdag denne veka var Sogndal Fotball og MOT ute på sitt 3. skulebesøk i fylket, og innhaldet vart godt motteke ved Sagatun Skule.

Ca. 60 elevar og lærarar frå 7.-10.-trinn deltok på samlinga.

Frå A-lagstroppen var Edin Øy og Ole Amund Sveen med. 
- Det er veldig kjekt å møte så mykje flott ungdom, og få prate om eit aktuelt tema. Eg håpar dei tek med seg gode erfaringar frå dagen i dag, seier Sveen.

Ballar og vestar til skulen
Emma i 9.ene tok i mot 10 ballar og eit vestsett i gåve frå Sogndal Fotball. Dette håpar me vil spre enda større idrettsglede hjå ungdommane.

Skulebesøk Balestrand MOT Sagatun-07
Emma tek på vegne av skulen i mot 10 ballar og eit vestsett frå Sogndal Fotball.

Balestrand og Høyanger er kommuneprosjekt til kampen mot Sandnes Ulf på søndag
Søndag 6. mai spelar Sogndal kamp mot Sandnes Ulf. I den forbindelse inviterer Kviknes Hotel, Nesseplast og Per A. Øren til gratis kampoppleving til alle som er busett i Balestrand eller Høyanger kommune.

Bruk promokoden BALESTRAND eller HOYANGER, for å bestille dine gratis billettar (gitt at ein bur i Balestrand eller Høyanger).


Bestill kampbillettar her.

Sogndal - Sandnes Ulf
Søndag 6. mai kl18:00
Fosshaugane campus

Annonse fra Obos-ligaen: